Gå videre til innhold
Tharaniga Rajah debuterer med mørk dystopi frå Sameland

Pressemelding -

Tharaniga Rajah debuterer med mørk dystopi frå Sameland

Tharaniga Rajah debuterer med ein dystopisk roman om kampen for ein samisk stat. I romanen Det er lenge til skumring har Noreg har utsett samane for etnisk utreinsking. Raisa tek med dottera Násti til Finnmark. Der blir dei del av ein samisk fellesskap, som bygger ein samisk stat. Men snart blir den nye staten angripen av nabolanda, og Raisa må kjempa for å verna det nye landet sitt og dottera.

Rajahs debutroman er lagd til ei alternativ norsk verkelegheit. Det er ei original forteljing om terror, identitet og samhald. Ho er oppvaksen på Moi ved Egersund med foreldre frå Sri Lanka

-mitt andre heimland, Sri Lanka, har vore i borgekrig, og det er nok ein grunn til at eg valde å skrive akkurat denne boka. 

Lanseringsdato: 26.10.

Tharaniga Rajah(f. 1984) er frå Moi og bur i Oslo. Ho har studert afrikanske og asiatiske studier og arbeider på Ullevål sjukehus. Det er lenge til skumring er hennar første bok.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO