Gå videre til innhold
To nye redaktørar i Samlaget

Pressemelding -

To nye redaktørar i Samlaget

Samlaget har tilsett to nye redaktørar. Brynjulf Jung Tjønn blir ny barnebokredaktør og Therese Tungen ny redaktør for sakprosa.

Therese Tungen (f. 1977 ) er tilsett som ny forlagsredaktør for sakprosa i Samlaget. Ho har vore vikar i stillinga fram til no. Tungen har solid erfaring som forlagsredaktør og har tidlegare arbeidd i Forlaget Oktober og Kagge forlag. Therese Tungen debuterte skjønnlitterært tidlegare i år med den kritikarroste novellesamlinga ”Ein gong var dei ulvar”.

-Therese Tungen har vore eit svært viktig tilskott til sakprosaavdelinga i Samlaget. Ho er ein framifrå redaktør som eg er sikker på kjem til å få fram mange viktige forfattarar i åra som kjem, seier forlagssjef i Samlaget Håkon Kolmannskog.

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er tilsett som forlagsredaktør for barn og unge. Jung Tjønn er ein vel etablert forfattar med fleire prislønte bøker. Han sitt i Det litterære råd for Norske barne- og ungdomsbokforfattere (NBU), er litteraturkritikar i VG og redaktør for BLA (Bokvennen Litterære Avis). Jung Tjønn er utdanna journalist og har tidlegare arbeidd i VG og NRK. Han kjem frå stillinga som seniorrådgivar og nettredaktør for kirken.no, nettsida til Den norske kyrkja.

-Å gi ut gode bøker på nynorsk for barn- og ungdom er noko av det viktigaste vi driv med Samlaget. Difor er vi svært glade for å ha fått med oss ein kapasitet som Brynjulf Jung Tjønn, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO