Gå videre til innhold
Ungdomsbok om kjærleikssorg og omsorgssvikt

Pressemelding -

Ungdomsbok om kjærleikssorg og omsorgssvikt

Kan ein eigentleg samanlikne sorg? Og er ei kjærleikssorg like vond som det å bli svikta av ein forelder? 

Eline blir dumpa av Jonas, brått og uventa, og opplever si første store kjærleikssorg. Snart går ho på nye, sviande nederlag. På same tid møter ho Tomas, som lever i skjul i skogen. Han gøymer seg for nokon. Kva er historia hans? Og har dei to eigentleg like stor rett til å sørgje?

Bruheim utforskar i denne ungdomsromanen det store spekteret av kjensler som finst i ei kjærleikssorg. Ho stiller også spørsmål kring oppvekst, bakgrunn og kor ulike liv ein kan leve i Noreg i dag.

Magnhild Bruheim (f. 1951) er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist, og har gitt ut bøker for både vaksne og barn. Bruheim er busett på Lillehammer.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO