Gå videre til innhold
Unni Eikeseth aktuell med "Norske forskingsbragder"

Pressemelding -

Unni Eikeseth aktuell med "Norske forskingsbragder"

Kjemikaren Unni Eikeseth, kjent som blant anna programleiar frå Newton, gir oss her dei mest spennande og sentrale oppdagingane frå dei siste 150 åra med norsk naturvitskapleg og medisinsk forsking.

Vi kjenner forskarparet May-Britt og Edvard Moser og oppdaginga deira av celler som utgjer hjernens stadsans. Men kven andre? Eikeseth tek oss med tilbake til 1870-talet, til Gerhard Armauer Hansen og oppdaging av leprabasillen. Vi blir kjende med forskaren Sven Furberg som var sentral i løysinga av gåta om DNA-molekylets struktur.

- Desse historiene er ein del av vår felles kultur og bakgrunn, og dei fortel også mykje om korleis både vitskap og samfunn har utvikla seg, seier Eikeseth.

Det blir lansering av boka på på DIGS i Trondheim 27.4. kl. 19.00

I ”Norske forskingsbragdar” får du historia bak stikket i hælen som alle norske barn får like etter fødselen, og du kan også lese om rolla til radiokjemikaren Ellen Gleditsch i eit aldri så lite vitskaplege drama som fann stad i radioaktivitetens tidlege historie.

Det handlar også om tornadoar på sola, sykloheksanproblemet, om nøkkelprotein hos bier, nordlys og meir til! 

Veit du kva "lepra" er for noko? Ikkje det? La Unni gi deg ei kort innføring her: https://www.youtube.com/watch?v=4KmuE4TNt_Y

Og kva med det stikket bak hælen som alle norske barn får like etter fødselen? https://www.youtube.com/watch?v=p96QfI13Krw

Unni Eikeseth er universitetslektor i naturfag ved Fakultet for lærer- og tolkeutdanning på NTNU. Tidlegare har ho vore vitskapsjournalist i NRK. Unni Eikeseth kjem frå Førde, men er busett i Trondheim.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO