Skip to main content

Uprisvinnar Torkildsen aktuell med ny ungdomsroman "Arrfjes"

Pressemelding   •   sep 17, 2014 07:00 CEST

I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort. Arrfjes er ein historisk sjøroman for ungdom.

Terje Torkildsen (f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. I 2009 kom den første boka i firebokserien DYSTOPIA 2014, som Torkildsen vart tildelt Uprisen for, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Han vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.



Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar