Gå videre til innhold
Velkomen til lansering av nytt Syn og Segn, med ny redaktør

Pressemelding -

Velkomen til lansering av nytt Syn og Segn, med ny redaktør

Syn og Segn 1-2014 er den den fyrste utgåva til ny redaktør Knut Aastad Bråten. Du kan du lese meir om kristenliv i 2014: tre temaartiklar om det å vera kristen. Du kan lese om framtidas bibliotekarar – kven dei er og skal vere, skrive av bibliotekar Mariann Schjeide. Halvor Fosli skriv om dei nye motkulturane og motkulturistane Jon Hustad og Hans Rustad, og ikkje minst: Samtale mellom Hans Olav Lahlum og redaktør Harald Stanghelle.

Velkomen til lansering av ny utgåve i Oslo bispegard – midt i Gamlebyen tysdag 4. mars, kl. 1900—2100

•   Offisiell lansering ved stortingspresident Olemic Thommessen
•   Redaktør Knut Aastad Bråten presenterer sitt fyrste nummer av Syn og Segn.
•   Intervju med tidlegare Syn og Segn-skribent Harald Stanghelle!
•   Miniforedrag med Haavar S. Nilsen, som skriv om kristenliv i fyrste utgåve.
•   Åresal v/Ragnfrid Trohaug.
•   Mingling og slarv
•   Musikalsk innslag med folkemusikkgruppa Vrang

Servering av mjølkeprodukt og feite serinakaker.

Arr: Tidsskriftet Syn og Segn

For meir informasjon, kontakt redaktør Knut Aastad Bråten - 907 68 797
knut@synogsegn.no

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO