Gå videre til innhold
Willy Brandt-prisen 2016 til Jon Fosse

Pressemelding -

Willy Brandt-prisen 2016 til Jon Fosse

Willy Brandt-prisen 2016 går til Jon Fosse og Julia Stöber.

I grunngjevinga skriv stiftinga at "Jon Fosse regnes som en av Europas viktigste samtidsforfattere. Han begeistrer særlig det tyske publikumet med sine litterære verker og over 30 teaterstykker. Det tysk-norske litteraturmiljøet lever med Jon Fosse". 

Prisen vart delt ut på Stortinget i dag og Anna Fosse var tilstades for å ta i mot prisen på vegne av prisvinnaren. I takketalen framheva Fosse sitt nære tilhøve til litteraturen og til teateret i det tyske språkområdet. 

- I Tyskland har det vore over hundre produksjonar av stykka min, mange av desse har eg sett sjølv. Og slik har eg fått mange gode og nære tyske vener. Eg føler meg heime i Tyskland. Og eg er takksam for at det nære tilhøvet mitt til Tyskland no så å seia får eit offisielt teikn ved at eg vert tildelt Willy Brandt-prisen, sier Fosse. 

Kvart år deler den norsk-tyske Willy Brandt-stiftelsen ut Willy Brandt-prisen. Den vert tildelt personar eller institusjonar som gjennom sitt engasjement har gjort ein særleg innsats for å byggje ut norsk-tyske forbindelsar. Prisen består av ein Willy-Brandt-statuett forma av den norske kunstnaren Nils Aas og eit diplom.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO