Pressemeldinger

Aud Søyland ny heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

03-05-2012 12:48 CEST Samlaget Aud Søyland har arbeidd med nynorsk på fleire felt gjennom mange år. Ho er ein av dei fremste nynorske omsetjarane i Noreg, har arbeidd med Nynorsk ordliste sidan 80-talet og vore sekretær for rettskrivingsnemnda som utarbeidde ny nynorsk rettskriving (2010–2011). Andre heidersmedlemmer i Litteraturselskapet er Jon Fosse, Kjartan Fløgstad og Guri Vesaas.