Skip to main content

Tre nye publiser og les-avtalar forhandla fram av Unit

Pressemelding   •   mar 24, 2020 17:51 CET

Foto: Shutterstock

For nokså nøyaktig eitt år sidan vart den første avtalen om open publisering forhandla fram av Unit   direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking på vegner av norske forskingsinstitusjonar. No, i mars 2020, er heile åtte såkalla «publiser og les»-avtalar på plass. Dette gir ein betydeleg auke i moglege kanalar for open publisering.

Dei tre siste avtalane som er forhandla fram, er mellom anna med eitt av dei største forlaga innanvitskapeleg publisering; britiske Sage Publishing. Avtalar er òg på plass med Cambridge University Press og American Chemical Society.

- Unit er glade for å annonsere desse tre avtalane, som er viktige steg på vegen fram mot open tilgang til norske forskingsresultat. Forskarar kan no publisere opent i sentrale tidsskrift innan fagfeltet sitt, og institusjonane viser ved tilslutninga til desse avtalene ei forplikting til å nå regjeringa sitt mål om open tilgang innan 2024, seier Roar Olsen, direktør i Unit.

Forskarar ved institusjonar som deltar i avtalane gjennom Unit, har no høve til å publisere opent på denne måten:

  • Sage Publishing:Publisering i 1083 tidsskrift, hovudsakeleg innan humaniora og samfunnsvitskap
  • Cambridge University Press: Publisering i 360 tidsskrift innan dei fleste fagområde
  • American Chemical Society: Publisering i 63 tidsskrift, hovudsakeleg innan kjemi

Såleis kan stadig fleire fagmiljø nytte seg av høvet til å publisere opent gjennom ei rekke nye kanalar. Fleire nye tidsskrift på nivå 2, i tillegg til nivå 1, gir moglegheit til å publisere i samsvar med den norske publiseringsindikatoren og samstundes vere Plan S-kompatible.

Open publisering av norsk forsking aukar: I 2011 var talet 9 prosent. Godt informasjonsarbeid og stadig større aksept for open publisering førte til at prosenten auka til 23 for 2018. Plan S, som vart lansert hausten 2018,bidrog til at 30 % av norsk forsking vart publisert opent i 2019, ifølge eit forsiktig anslag.

For 2020, ettersom Unit har forhandla fram dei nye avtalane som gir moglegheit for open publisering, ventast det ein signifikant auke i talet på opne artiklar frå norske forskarar.

Med dei åtte publiser og les-avtalane som er forhandla fram det siste året, har Unit dekt ein stor del av avtalane som blir tilbydd medlemsinstitusjonane. Det arbeidast no med å inngå nye avtalar med reine OA-forlag, i tråd med regjeringa sine nasjonale mål og retningsliner for open tilgang til vitskapelege artiklar.

Forhandlingane har vore gjennomførte i tett dialog med Unit sitt forhandlingsråd representert ved universiteta i Trondheim (NTNU), Oslo (UiO), Bergen (UiB) og Tromsø. (UiT) Resultata har markert eit gjennombrot som har sett standard for det vidare arbeidet med open tilgang til forsking. I krevjande tider som desse, ser ein viktigskapen av at forskingsresultat gjerast opent tilgjengeleg for heile verda. Unit er glade for å bidra gjennom gode avtalar med viktige tidsskriftforlag.

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking har som oppgåve å følgje opp strategiar og retningsliner for høgare utdanning og forsking fastsett av Kunnskapsdepartementet. Unit skal videreutvikle initiativ frå universitets- og høgskolesektoren, forskingssektoren og andre relevante aktørar. Unit har hovudkontor i Teknobyen i Trondheim og avdelingskontor i Fridtjof Nansens vei i Oslo.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.