Skip to main content

Få julestemninga i Flåm

Nyhet   •   des 03, 2019 07:04 CET

Jul i Flåm. Foto: Sverre Hjørnevik / Visit Flåm

Flåm inviterer til ei avslappande og koseleg juletid, med tradisjonelle aktivitetar og mat for både store og små. For å setje den rette stemninga har vi dekorert heile Flåm med vinterbelysning, både inne og ute. Vintermarknaden finn stad helga 7. – 8. desember, med sal av handverk og aktivitetar for borna. Pepperkakelandsbyen i Kundesenteret er klar, og det vert julekalender for gjester kvar dag til og med julaftan. Velkomen til jul i Flåm!

Juleaktivitetar i Flåm

For å setje deg i skikkeleg julestemning har vi dekorert heile Flåm med vinterbelysning og lysinstallasjonar inne og ute. I Kundesenteret finn du Pepperkakelandsbyen, kanskje kjenner du att nokon av bygningane? Gjennom heile juleperioden har vi "pop-up" gløgg- og pepperkakeservering til gjestene våre.

Frå 1. - 24. desember kan du som gjest kvar dag delta i julekalenderen vår i Kundesenteret.

Vintermarknad i Flåm 7. – 8. desember

For andre år på rad inviterer vi til ein koseleg vintermarknad i Flåm laurdag 7. og sundag 8. desember, frå kl. 11.00 - 14.00 begge dagar. Her passer vi på at du kjem i skikkeleg julestemning med tradisjonell mat og drikke og underhaldning ved eit lokalt kor. Ein skikkeleg vintermarknad skal vera moro for alle. Medan dei vaksne kosar seg med julegåvehandel, kan borna få gratis ansiktsmåling og helse på nissen i Barnas Hjørne.

Treng du den perfekte gåva til den som har alt? Eller rekk du ikkje å bake alle sju sortane før jul? Ingen grunn til bekymring. På vintermarknaden finn du lokale produsentar som tilbyr alt frå handverk, kunst til mat og drikke.

Når vintermarknaden stenger laurdag 7. desember, ynskjer nissen alle familiar velkommen til ein hyggjeleg ettermiddag i Bakkastova frå kl. 14.00 - 17.00.

Jul på Fretheim Hotel

Kvifor ikkje senke skuldrane med ei natt eller to på hotell og lat nokon andre laga maten? Historiske Fretheim Hotel og restaurant Arven er open kvar dag gjennom julesesongen. Prikken over i'en etter ein dag med vinteraktivitetar er å samlast rundt bålpanna utanfor hotellet med noko varmt å drikka. Hugs å få marshmallows i resepsjonen! På julaftan får alle gjester ei lita helsing ved innsjekk og du kan nyte den store, tradisjonelle julebuffeten i restauranten.

Tradisjonsrik mat og drikke

Mat og drikke er ein viktig del av reiseopplevinga, og kanskje spesielt i juletida. Restaurant Arven på Fretheim Hotel er open kvar kveld frå kl. 19.00. Prøv dagens 3-rettar eller vel frå a la carte menyen vår. På Nyttårsaftan serverer vi nyttårsbuffet.

Til lunsj anbefaler vi å stikke innom Flåm Bakeri for sandwichar og bakverk. Skulle du ynskje ein varm lunsj, får du i desember kjøpt Sognelapskaus fra Haugen Gardsmat i Lobby Bar på Fretheim Hotel mellom kl. 12.00 - 17.00. På julaftan serverer vi tradisjonell julegraut frå kl. 14.00.

Nyttårscruise i verdsarven

Kva kan vel vera ein betre start på det nye året enn på eit midnattscruise på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden? Vi inviterer til ein kveld med bobler i glaset og dans til DJ midt i verdsarvlandskapet, og tel ned til 2020 saman med våre feststemte gjester. Prisvinnande Vision of The Fjords har panoramavindauge som gjev deg fantastisk utsikt til fyrverkeriet i Aurland, anten du står ute på dekk eller held deg inne i dei varme salongane. Den universell utforminga gjer at alle kan delta.

Daglege aktivitetar

Dei fleste aktivitetane du kan oppleva i Flåm har fleire daglege avgangar heile året. Opplev fantastisk ingeniørarbeid på Flåmsbana, lad batteria med vinterlys og frisk luft på eit fjordcruise på Nærøyfjorden mellom Flåm og Gudvangen, eller ta ein tur til Stegastein Utsiktspunkt og nyt utsikten over Aurlandsfjorden og verdsarvlandskapet. Har du lyst på ein dag med ski eller aking? Hopp på Fjord & Fjellbussen til Myrkdalen Fjellandsby som byrjar å gå 24. desember. 


Opningstider i Flåm november – desember:

Flåmsbana - Dagleg

Stegastein Utsiktspunkt - Dagleg

Fjord Cruise Nærøyfjord - Dagleg

Fjord Safari - Dagleg

Trugetur - Frå 26.12.

Kulturell Kveldsvandring - Stengt 23.12 - 01.01

Viking Valley - Dagleg

Flåmsbanamuseet - Dagleg

Aurlands Skofabrikk - Stengt 24.-16.12 og 01.01

Flåm Kundesenter - Dagleg

Flåm Stores Destination & Exclusive – Dagleg

aRestaurant Arven - Dagleg

Fretheim Hotel Lobby Bar - Dagleg

Flåm Bakeri - Dagleg

Vedlagte filer

Word-dokument

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.