Skip to main content

Fretheim Hotel slepp vårens program

Pressemelding   •   jan 18, 2018 17:08 CET

Jarle Bernhoft

-Det har lenge vert ei målsetjing om å kunne tilby dei lokale så vel som dei tilreisande eit levande og heilskapleg tilbod i Flåm. Det er ei stor gleda å lansere eit rikt og mangfaldig program for våren, der det vert fokus på underhaldning og ekstraordinære smaksopplevingar, fortel Frode Skarpås, Driftsdirektør F&B på Fretheim Hotel.

Humor og mat

Fretheim Hotel har lenge hatt fokus på kortreist mat, og den kulinariske matopplevinga, der kjøkkensjef Bjarte Finne har vert med på å setje sitt preg. No inviterar Finne opptil fleire gjestekokkar utover våren. Fyrst ut er ingen ringare enn Frode Aga, som har med seg underhaldaren Kjell Fuglehaug.

-Frode Aga er ein av dei beste kokkane me har i landet, og er så vel ein uslåeleg historieforteljar. Saman med Kjell Fuglehaug vert det ein humoristisk og kulinarisk heilaftan på hotellet, utdjupar Skarpås.

Ei anna gruppe som vil få fram smilebånda er stand-up komikarane Sofie Frøysaa, Tonje Holm Sandnes og Sandra Spjelkavik. Samtlege er aktuelle på scena, der blant anna humorduoen Spjelkavik og Holm Sandnes vart nominert til to komiprisar i 2017 med førestillinga si «helt i tiden». Med ei ope, ærleg og usminka tilnærming, byr dei på ein variert, innhaldsrik og morosam kveld.

Drykk for alle ganar

Det er ikkje kvar dag ein kan invitera til festmiddag og vinsmaking med ein av Europas beste sommelier, og det i sjølvaste Flåm. Fredag 25.mai har me gleda av å invitera til ei smaksoppleving utanom det vanlege.

-Saman med kjøkkensjef på Fretheim Hotel, Bjarte Finne, vil sommelier Henrik Dahl Jahnsen frå Bølgen & Moi setja saman ein 4-rettars meny med spanande nordiske råvarer, og vinar frå verdas hjørne. Her er det berre til å skjerpe smakssansane, kjenne si besøkelsestid og tinge billett til årets smaksoppleving i Flåm, meddelar Skarpås.

For dei som er mest glad i øl, vert det høve til å bli med på ølsmaking med ølmakar Rune Midttun frå Voss Fellesbryggeri. Denne gongen også med ein 4-retters middag med kortreist mat på menyen.

Komplett arrangementskalender for Fretheim Hotel:

17.02.18 - Skalldyraftan og dans

02.03.18 – Humoristisk og kulinarisk heilaftan med Frode Aga og Kjell Fuglehaug

17.03.18 – Damenes aftan - Stand Up og bobler

21.04.18 – Ølmakarens kveld med Rune Midttun frå Voss Fellesbryggeri

25.05.18 – Festmiddag og vinsmaking med Henrik Dahl Jahnsen

26.05.18 – Konsert med Jarle Bernhoft & The Fashion Bruises 

For meir informasjon, kontakt Frode Skarpås, Driftsdirektør F&B på Fretheim Hotel, tlf 48 84 16 01

Flåm AS tilrettelegger reiser og mektige opplevelser i Flåm og omegn. Dagens moderne turist forventer å få en smakebit av en regions særtrekk på en inspirerende, tilrettelagt og effektiv måte. Dette i kombinasjon med bekvemmeligheter, matopplevelser og service av beste kvalitet.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar