Skip to main content

Ruteendring på Flåmsbana frå tysdag 24. mars 2020

Pressemelding   •   mar 24, 2020 07:32 CET

Ruteendring på Flåmsbana frå tysdag 24. mars 2020

Med regjeringas og nasjonale myndigheiters pålegg og instruksar for å ivareta liv, helse og forhindre koronavirusspreiing, er ogso grunnlaget for ei normal drift av Flåmsbana sterkt redusert.

Flåm Utvikling har difor i samråd med Vy vedteke ei ruteendring og reduksjon av togproduksjonen på Flåmsbana som er betre tilpassa dagens trafikksituasjon og behov.

Følgjande avgangar køyrast dagleg frå tysdag 24. til og med tysdag 31. mars:

Tog 1872 frå Flåm 11:45 til Myrdal 12:35 – Tog 1973 frå Myrdal 13:05 til Flåm 13:55

Tog 1874 frå Flåm 14:40 til Myrdal 15:30 – Tog 1875 frå Myrdal 15:45 til Flåm 16:30

Dette inneber at togtilbodet på Flåmsbana frå tysdag 24. og ut mars månad vert redusert frå fire til to daglege avgangar mellom Flåm og Myrdal, ved at fyrste morgon- og siste ettermiddagsavgang vert innstilt.

Vidare reduksjon av togtilbodet frå og med 1. april og framover er til vurdering og vil bli gjort kjend m.a.. på vår nettside www.visitflam.com.

Sjå ogso Vy.s nettside med informasjon om korona-tiltak samt oversikt over endring av togtilbodet grunna koronaviruset https://www.vy.no/aktuelt/koronavirus.

Kontaktperson: Sivert Bakk, dagleg leiar, mobil: 920 91 697, e-post: sivert.bakk@visitflam.com

Flåm Utvikling AS er eit aksjeselskap med sals- og marknadsansvar samt ansvar for produktutvikling av Flåmsbana. Vy som godkjend operatør er ansvarleg for drift, sikkerheit og sjølve togframføringa på Flåmsbana.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.