Nyhet —
På kvinnedagen lanserer Attvin tilskotsordning for fleirgangs menstruasjonsprodukt.
Attvin tilbyr tilskot til fleirgangs menstruasjonsprodukt – og inviterer andre aktørar inn i debatten
Søndag 8. mars lanserer vi ei pilotordning der innbyggarar i selskapet sitt dekningsområde kan søkje om tilskot til kjøp av menskopp eller menstruse. Initiativet er grunngitt i eit ønskje om å redusere mengda eingongsprodukt i restavfallet, og er det første av sitt slag frå eit norsk renovasjonsselskap.
Eingongsprodukt til menstruasjon er ei lite synleg, men betydeleg kjelde til avfall i norske hushald. Ein person som menstruerer kan bruke over 10 000 slike produkt i løpet av livet, og nesten alt hamnar i restavfallet. Menskopp og menstruse er veldokumenterte alternativ som kan vare i mange år, men startprisen vert opplevd som ein terskel for mange.
— Vi jobbar kvar dag med å handtere avfall, men det verkeleg viktige arbeidet handlar om å hindre at avfallet oppstår i det heile. Tilskot til fleirgangs menstruasjonsprodukt er eit konkret grep som bidreg til dette, seier Caroline Mehl Nakken, leiar for kommunikasjon og marknad i Attvin.
Ein pilot med ei større ambisjon
Attvin er tydelege på at ordninga er ein pilot, og at selskapet ønskjer å utfordre andre aktørar til å tenkje i same retning.
— Vi er litt utålmodige, men har venta på at nokon andre skulle ta dette steget. No vel vi likevel å gå føre og håpar at fleire aktørar også ser moglegheitene her, og at dette kan bidra til større, meir systematiske ordningar over tid, seier Nakken.
Selskapet understrekar at dette ikkje handlar om å overta andre sine roller, men om å bruke sin posisjon til å setje eit viktig tema på dagsorden.
— Renovasjon handlar ikkje berre om å rydde opp. Det handlar om å bidra til å gjere det enklare for folk å velje meir miljøvennlege alternativ, seier Øystein Solevåg, dagleg leiar i Attvin.
Om ordninga
Det er innbyggarar i Attvin sitt dekningsområde, kommunane Ålesund, Giske, Sula, Fjord, Vestnes, Sykkylven, Haram og Stranda, som kan søkje om tilskot til kjøp av menskopp eller menstruse. Meir informasjon og søknadsskjema finst på attvin.no/tilskot.