Gå videre til innhold
En gruppe barn fotografert bakfra mens de følger etter en av Attvins ansatte på omvisning på anlegget.
Fjerdeklassinger på besøk på Bingsas gjenvinningsanlegg.

Pressemelding

Gjentar fjorårets suksess! No er det klart for årets SMART ATTVIN.

Attvin og Ungt Entreprenørskap M&R inviterer alle 4.-klassingar i Attvins eigarkommunar til ei ny runde med kreativitet, gjenbruk og berekraft i fokus.

Dette er ei tverrfagleg og engasjerande læringsveke som kombinerer kreativ problemløysing, innovasjon og kunnskap om avfall som ressurs. Programmet er utvikla i samarbeid med Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal og byggjer på SMART‑metodikken, som gir elevane verktøy til å tenke nytt, sjå moglegheiter og skape løysingar for framtida.

Målet med SMART Attvin er at elevane skal få øving i kreative problemløysing og innovasjon, og bli meir bevisste på eige forbruk og gjenbruk.

Gjennom fire dagar arbeider elevane med eit konkret og relevant oppdrag: å finne ein ubrukt gjenstand heime og forvandle den til noko som har ny verdi for seg sjølve eller andre. Programmet inkluderer òg bedriftsbesøk på Attvin sine miljøstasjonar, der elevane får innsikt i avfallshandtering, sirkulær økonomi og moglegheitene som ligg i gjenbruk.

Positive tilbakemeldinger

Tilbakemeldingane frå tidlegare deltakarar er svært positive. Lærarar omtalar prosjektet som ei inspirerande og lærerik veke som både styrker samarbeidsevner og fremjar kreativ tenking. Elevane har levert alt frå miljørobotar til oppfinningsrike hjelpemiddel. løysingar som kombinerer fantasi med eit genuint ønske om å skape noko nyttig for samfunnet.

SMART Attvin har så langt nådd over 400 elevar i medlemskommunane, og Attvin ser eit tydeleg engasjement for berekraft blant dei yngste innbyggjarane. Programmet er eit viktig bidrag til å auke forståinga for ressursbruk og overforbruk, ei av vår tids største utfordringar.

Begrensa plasser

Det er begrensa med plassar, så her er det lurt å vise interesse raskt. Invitasjon sendast til alle skular med link til deltaking. Tips gjerne lærar om du er forelder og ønskjer at skuleklassa til din 4. klassing skal delta. Påmelding skjer via lærar på kvar enkelt skule.

Les meir på: https://attvin.no/smart_attvin


Kontaktpersonar:

Caroline Mehl Nakken | caroline@attvin.no | 48 33 06 89

Jannike Veiberg | jannike.veiberg@ue.no | 93 06 80 72

Related links

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

  • Caroline Mehl Nakken

    Leder for kommunikasjon og marked Kommunikasjon, marked, konsept, publikumsdialog 48330689
  • Smart_Attvin_2025_REI_00934.jpg
    Lisens:
    All rights reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 2668, 1.29 MB
  • Smart-Attvin 2025-54.jpg
    Lisens:
    All rights reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 2668, 1.44 MB
  • Smart-Attvin 2025-13.jpg
    Lisens:
    All rights reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 2668, 1.21 MB
  • Smart-Attvin 2025-47.jpg
    Lisens:
    All rights reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 2668, 1.29 MB