Gå videre til innhold
Illustrasjon: Kari Stai
Illustrasjon: Kari Stai

Blogginnlegg -

Fabulerande språkleik for dei minste

Går det verkeleg å lage ei god forteljing om JAKOB som berre seier JA, og NEIKOB som berre seier NEI? Blir det genialt eller gale? Fire bøker, seks prisar og ti språk seinare er svaret eit rungande JA!

TEKST Ragnfrid Trohaug FOTO Siren Høyland Sæter

Nokre gongar kjem forfattarar med så ville idear at ein stakkars redaktør ikkje veit kva fot ein skal stå på. Kari Stai kom inn på redaktørkontoret mitt med ein slik vill idé i 2007. Ho var illustratør og enno ikkje forfattar, og ho hadde ein språkleg assosiasjon ho ville prøve på meg: Når det går an å heite Jakob måtte det då gå an å heite Neikob? Og tenk viss, var neste tanke, tenk viss Jakob berre seier JA og Neikob berre seier NEI? Kva skjer då? Og om ein berre seier det eine eller det andre, så må jo det visast utanpå på noko vis? Korleis ser ein ut når ein alltid seier JA eller alltid seier NEI? 


JA og NEI
Ut av denne språkleiken voks det fram eit heilt univers: ein bakketopp, to hus og to venner som står side om side, men er heilt ulike. Dei høyrer saman, dei står skulder mot skulder på første oppslag i alle fire bøkene, men er heilt forskjellige likevel: JAKOB er gladfjotten som har høg, blå topplue, oppovermunn og er på tilbodssida, mens Neikob er meir samantrykt og tynga under den raude hatten sin og med munnviker som går nedover, slik det ofte blir om ein er ein person som ofte seier nei. Med eit språkleg utgangspunkt, ja-et og nei-et, som er så sentrale i språket vårt, blei både eit distinkt visuelt og språkleg uttrykk fødd: Kari Stai fann ei form i ord og strek som er både leiken og stram samstundes. Det stiliserte, visuelle uttrykket og den sterke, men kresne fargebruken støttar opp under ja-et og nei-et, og viser at dei høyrer saman som motpolane natt og dag, Yin og Yang, to motsetnader som samstundes er avhengige av kvarandre.


Absurd og overraskande
Alle fortellingane om Jakob og Neikob opnar likt, og minner soleis om eventyrets «det var en gang» standardopning. Når ein les: «Jakob og Neikob bur saman i eit hus på ein bakketopp. Dei er gode vener sjølv om dei er veldig forskjellige. Jakob seier JA til alt og Neikob seier NEI til alt», veit ein at no kjem noko kjent, men samstundes noko heilt nytt. Det er trygt å vite at ein kjenner strukturen i fortellinga; JA-et og NEI-et ligg som eit fast premiss, men kva som elles kjem til å skje, er heilt ope, for kvar forteljing har heilt ulike retningar. Kva er det som fengjer både store og små i møte med desse to typane? I tillegg til den kjente språklege strukturen som fungerer som ein kontrakt mellom lesar og tekst, kjem det absurde og overraskande; for Jakob og Neikob lever i eit absurd univers med heilt eigne logiske samanhengar.

Absurd
Slik blir møtet med Jakob og Neikob både eit møte med konsekvenslogikk og eit møte med det absurde. Det er logisk at seier du JA til trommeseljarar, tjuvar som vil stele bilen din, blir du sitjande utan bil og med ein haug med trommer, mens seier du NEI til både nabobesøk og fiskebollar, blir du verken mett eller kjent med naboen. Det absurde skjer mellom anna når Jakob og Neikob blir slukt av Krokodillen som ein annan Jonas i Bibelen, fordi Jakob ikkje klarer å seie NEI, og Tjuven klarer å få Jakob til å bli fengsla, fordi Jakob seier JA til å bli måla i fargane til tjuven, og politiet tar feil av desse to. 

Moderne klassikar for barn
Då Kari Stai først presenterte ideen, var eg som redaktør redd for at det ikkje kunne skje noko, for den som berre seier NEI til noko, skapar jo ikkje handling, og utan framdrift og handling, inga bok. Faren for at Neikob skulle sabotere alle oppspel til handling, var absolutt tilstades. Det hadde forfattaren sjølv ei elegant løysing på, ei løysing som attpåtil gir lesaren innføring i avansert språkbruk, nemleg den dobbelte nektinga «du seier vel ikkje nei til?». Jakob grublar ei heil natt før han kjem fram til den lyse ideen og spørsmålet som får Neikob ut i handling, utan at han må gi opp det trygge «nei-et» sitt; «du seier vel ikkje nei til ein biltur?», «Nei,» svarer Neikob, og slik legg dei to gode vennene ut på eventyr der det skjer ein heil masse ting, og det viser seg at det er lurt å både kunne seie JA og NEI for å klare seg her i verda. 

Språkleik og fabulering
Med Jakob og Neikob har Kari Stai skapt eit vakkert og absurd rom for både språkleik og fabulering, og lesaren sitt igjen med at det er bra å kunne seie både JA og NEI i det verkelege livet. For ein vil jo verken bli slukt av krokodiller eller aldri få smake bollar. Sjølv er eg jammen glad for at eg sa JA til å få dette absurde universet ned på papiret og ut i bokverda, for Jakob og Neikob er blitt noko så sjeldan som moderne klassikarar, og dei lever på så ulike språk som mellom anna fransk, engelsk, hindi og sør-samisk. At desse to karane også vil gjere seg godt på teaterscenen, er eg viss på, fordi dei treffer oss rett i planeten med språkleiken og absurdismen.

Artikkelforfattaren er seniorredaktør for barn og ungdomslitteratur i Samlaget. Artikkelen blei opphavleg publisert i 2016.

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge