Pressemelding -

Årsmøte for 2024

Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 26. april.

Året 2024 i tal

Kort oppsummert viser tala for 2024 eit besøkstal på 171 222 (190 242 for 2023). Samla billettinntekter var på 46,6 millionar kroner (50,6 mill i 2023).

Styret ved Det Norske Teatret konstaterer at det også i 2024 var rikeleg med prestasjonar og produksjonar på høgste nivå ved teateret. Nedgangen i publikum skuldast i all hovudsak at teateret ikkje hadde produksjonar på spelferd, besøket i teaterhuset låg elles på same nivå som året før. Etter eit krevjande økonomisk år i 2023 utarbeidde teateret ein handlingsplan for ein sunnare teaterøkonomi. Styret er tilfreds med at planen har fungert. Ei ekstra løyving på 9 millionar kroner i revidert statsbudsjett for 2024, gjorde også at tala har gått frå eit underskot på 22,2 millionar kroner i 2023 til eit overskot på heile 11,5 millionar kroner i 2024. Innsparingane er primært gjort på personalkostnader og drift.

Jae Nyamburah som Hedda Gabler opna teaterhausten 2024 på Hovudscenen. Foto: Pernille Sandberg.

- Teateret har lagt ned eit stort arbeid med å betre økonomien, utan at dette har svekt den kunstnarlege kvaliteten. Styret er tilfreds med utviklinga, og takkar alle tilsette for innsatsen, seier styreleiar Hilde Barstad.

- Styret takkar også Erik Ulfsby for 14 innhaldsrike og kunstnarleg potente år i sjefsstolen, ein periode som har løfta Det Norske Teatret til å bli ein av Nordens mest leiande og moderne scenekunstinstitusjonar. Etterfølgjaren Kjersti Horn har komme godt i gang med gjerninga og har alt rukke å markere seg sterkt i eit teaterlandskap der kampen om publikum og medias merksemd er hard. Styret ser fram til det vidare samarbeidet.

Kunstnarleg oppsummering

Einkvan i Kjersti Horns regi. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Teateråret 2024 har vore innhaldsrikt og variert. Oppsummert i stikkord vil nok den store satsinga på Spynorsk. The Musical, urpremieren på Jon Fosses Einkvan, nybrottsarbeidet med Jazz på nynorsk og Jente, 1983 med Luk Perceval tilbake i registolen vere det som har utmerka seg

Gjertrud Jynge har nok ein gong gjort ein knallsterk rolleprestasjon og handtert store mengder tekst, i Jente, 1983 på Scene 2. Foto: Erik Berg.

Dei tilsette har gjort ein kjempejobb med å skape teatermagi for liten og stor og samstundes halde att på kostnadar. Det bidreg til å tryggje teaterdrifta i ei utfordrande tid. Det Norske Teatret skal halde fram med å jakte tiltak som kan auke eigeninntektene og effektivisere drifta, seier direktør Irene Halvorsen.
Tidlegare leiing har lagt ned eit stort arbeid, ikkje minst politisk. Dette arbeidet held fram.

– Vi lever i ei uroleg tid med stor kamp om offentlege pengar. Samstundes er eg overtydd om kor viktig kunst og kultur er for å styrke fellesskapet og forsvarsevna i folket. Det Norske Teatret er ein solid byggestein i demokratiet. Vi jobbar med å opne huset for enda fleire og gjere oss til ein enda betre møteplass for sterke opplevingar i eit mangfaldig Noreg, seier Halvorsen

Styret

Etter val på årsmøtet har styret denne samansetjinga: Hilde Barstad held fram som styreleiar. Erik Bolstad er ny nestleiar etter Steinulf Tungesvik. Resten av styret består som før av Lovleen Brenna, Martin Eia-Revheim, Magni Hjertenes Flyum, Geir Kvarme og Åshild Mjelde Nordås.

Årsmelding for 2024 ligg lagt ved.

Emner

  • Teater

Kategorier

  • nyheiter


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter