Gå videre til innhold
Ane Dahl Torp spelar den innbitne kapteinen Akab. Foto: Pernille Sandberg.
Ane Dahl Torp spelar den innbitne kapteinen Akab. Foto: Pernille Sandberg.

Pressemelding -

Ane Dahl Torp jaktar Moby Dick

Blod, olje og vatn vil flyte på scenen når kaptein Akab og mannskapet mønstrar på Hovudscenen for å fange den frykta kvite kvalen Moby Dick.

MOBY DICK
av Herman Melville
Premiere 19. januar kl. 19.00
Hovudscenen

Vinden vil røske tak i publikum og sjøsprøyten gå høgt over scenen når skuta til den forrykte kaptein Akab, i Ane Dahl Torps skapnad, legg ut på tokt for å drepe kvalen som gjorde kapteinen til ein stakkarsleg krøpling. Ho styrer skuta og mannskapet på Pequod med hard hand og ubøyeleg vilje for å nå dette eine målet: Å få hemn over Moby Dick.

- Det er eit sinne, ei lyst til å overvinne noko, nokon veldig negative og harde kjensler som ligg inne i Akab, som eg synest er ganske gøy å undersøke, seier Ane Dahl Torp. Les heile intervjuet.

Hemntokt

Blant mannskapet er i tillegg til forteljaren Ismael (Thea Lambrechts Vaulen), også andre sjøfolk med bakgrunn frå alle verdshjørner. Dei får brynt fordommar og kulturforskjellar mot kvarandre medan dei skal samarbeide om å halde skuta flytande. Samtidig set dei livet på spel i den vanvitige kvalfangst-jakta. For kva? For å tilfredsstille den monomane og blodtørstige kapteinens hemnlyst? Eller søker dei alle ei retning og ei meining med livet i ei verd der alt verkar vonlaust?

Sterkt lag på scenen

- Det vil vere anstrengande å spele denne framsyninga, på grunn av ein del fysiske sekvensar som vil kreve god kondis. Det kan vere å gå frå å stå bom stille, til å plutseleg springe intervallar på scenen, seier regissør Johannes Holmen Dahl. Les heile saken om fysisk arbeid på scenen.

Det er Johannes Holmen Dahl, regissøren bak suksessframsyninga Tid for glede som skal sette Herman Melvilles storverk i scene. I mannskapet han har med seg no, har han henta fleire krefter frå dette toktet. Scenograf Nia Damerell, komponist Alf Lund Godbolt og organist Peder Varkøy er med, i tillegg til perkusjonist Elisabeth Mørland Nesset og cellist Kaja Fjellberg Pettersen. På scenen står også Vetle Bergan, Terese Mungai-Foyn, Kyrre Hellum, Sara Khorami, Khalid Mahamoud og Kenneth Homstad. Saman skal dei skape ei drivande forteljing med dunkande rytme, høg puls og våte element.

LES OGSÅ: Herman Melville: Monsteret, mytane og menneska som inspirerte Herman Melvilles Moby Dick.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge