Pressemelding -
Blomstrande Vårløysing opnar vårsesongen
Det har aldri vore lett å vere ung. I Vårløysing får skamkjensler og vaksnes dobbeltmoral fatale konsekvensar for dei unge når vårsesongen opnar på Det Norske Teatret.
VÅRLØYSING
PREMIERE FREDAG 17. JANUAR KL. 19.30
PÅ SCENE 2
Det vil bogne av blomar i overdrivne versjonar, sopp og lauv skal regne frå taket, scenegolvet blir fylt av grasbakkar og eit løyndomsfullt stort tre. Skodespelarane er kledde i 1800-talskostyme med blondar, kniplingar, korsett og snøresko. Musikken har referansar til 1800- og 1900-talet med sin overdrivne og tidvis pompøse klang. Det skal storme og blåse, nett slik det kan gjere i eit hormonelt styrt ungdomssinn når Frank Wedekinds dramatiske ungdomstragedie blir sett i scene nesten 130 år etter den blei skriven.
- Skamma er tilbake, meiner regissør Miriam Prestøy Lie. Les meir.
Verdiar i endring
- Historia har vunne mange slag for oss, når det gjeld openheit rundt seksualitet. Kvinners rett til sjølvbestemt abort er noko vi tek for gitt. Men - kanskje vi ikkje skal gjere det? undrar regissør Miriam Prestøy Lie. I lag med ni skodespelarar har ho gitt seg i kast med eit stykke som eigentleg blei skrive som eit opprør mot den strenge protestantiske seksualmoralen på 1800-talet. I stykket møter vi mellom anna ei mor som ofrar livet til si eiga dotter i ein illegal abort, framfor at det skal komme ut i at ho har hatt sex utanfor ekteskapet.
I Noreg er vi ikkje heilt der, men regissøren referer til ein nymoralistisk vind som blæs over Europa, hand i hand med populisme, kristenkonservatisme, falske fakta og kunnskapsløyse, som også påverkar oss her heime.
Kven er kven i Vårløysing? Finn det ut her!
Provoserande teater
I botnen er Vårløysing ei forteljing om å finne ut av kven ein er. Stykket blei straks blei skandalisert og stempla som pornografi da det blei gitt ut i 1891. Ungdom i seksuell oppvakning som stiller spørsmål ved etablerte sanningar og dei vaksne sin dobbeltmoral var ikkje akkurat aksepterte tema å ta opp i offentlegheita for godt over 100 år sidan, og stykket fekk ikkje urpremiere før i 1906. Datidas ungdom var kvelte under tabu, moral og reglar som gjorde det vanskeleg, for nokre umogleg, å leve.
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.