Gå videre til innhold
Det Norske Teatret er ramma av streik

Pressemelding -

Det Norske Teatret er ramma av streik

Det får store konsekvensar for drifta ved teateret, og kveldens opning av den andre internasjonale Fossefestivalen er utsett til i morgon. Målet er likevel å halde drifta så normal som mogleg, særleg av omsyn til publikum. 

I første runde er kveldens premiere på Oresteia i ei gjendikting av Jon Fosse på Hovudscenen ikkje mogleg å gjennomføre. Denne skulle opne Den internasjonale Fossefestivalen som finn stad for andre gong. Festivalen er lagt i tidsrommet 3. til 12. september og programmet elles vil gå som planlagt.

Opninga av Fossefestivalen er flytt til laurdag 4. september i samband med urpremieren på Sterk vind, som er Jon Fosses nyskrive verk etter ein pause frå dramatikken på nærare 10 år. Søndag 5. september er det urpremiere på Mari Hesjedals Sov ikkje på Scene 3. Dei internasjonale gjestespela vil også gå som planlagt, i tillegg til eit rikt fagprogram, sideprogram og andre gjestespel.

- Vi er lei oss for at det ikkje blei semje mellom Spekter og LO-forbunda i forhandlingane om pensjon hos Riksmeklaren natt til fredag 3. september. Tidspunktet for streiken kjem på eit dårleg tidspunkt no som vi er midt i den gradvise gjenopninga av teateret etter pandemien, seier teatersjef Erik Ulfsby.
Dei tre LO-forbunda Fagforbundet, NTL og Creo ønskjer ei anna pensjonsordning enn det alle tilsette ved norske teater og orkester har hatt sidan 2016. Den gjeldande ordninga er innskotspensjon med dei høgaste sparesatsane som er mogleg (7%).

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge