Gå videre til innhold
Det Norske Teatret opnar dørene

Pressemelding -

Det Norske Teatret opnar dørene

Endeleg kan publikum igjen komme inn i salane på Det Norske Teatret, der eit tolmodig ensemble har brukt vinteren og våren til å lage tidenes sesong. Ein energisk teatersjef annonserer at det allereie to dagar etter opning blir premiere.

-Vi kliner til på denne sida av sommaren med ein musikalsk urpremiere under Iren Reppens leiing, erklærer teatersjef Erik Ulfsby.
29. mai inviterer han til premiere på Reppens nye framsyning Det e hardt å være b**ch, der ho deler erfaringar og betraktningar rundt kva sjefsposisjon og makt kan gjere med ein. I tillegg kan publikum som har sakna å dele opplevingar sjå fram mot eit gjensyn med Slåttekar i himmelen, eit ungdommeleg brus frå undergrunnen i Linje 5, eit møte med det aller siste kullet ved teaterutdanninga Det multinorske og eksamensframsyningane deira Universum og Vonde soger, i tillegg til vandreteater i bykjernen med den talande tittelen på denne sida av sommaren.

Som ei ekstra gåve til eit hardt råka teaterpublikum legg Det Norske Teatret i dag ut alle titlane i haustens repertoar for sal.
- Til hausten kan du gå to gongar på Det Norske Teatret - kvar veke! Og likevel sjå noko nytt. Det er fantastisk at vi kan byrje å vende tilbake til liva våre igjen, bruke byen, gå ut, more oss og utvide horisonten, seier teatersjefen letta.

LES MEIR: - Dette blir tidenes sesong, meiner teatersjef Erik Ulfsby.


PREMIERER I KØ

Etter ein haust og vår der mange framsyningar ikkje har fått sett dagens lys, er det eit sprekkeferdig teater som endeleg skal få lette litt på livreima til hausten. Da byr Det Norske Teatret på ein ny internasjonal Fosse-festival med gjestespel frå fjerne land og to urpremierer frå Fosses hand. Elles blir det satsa stort på barn og unge med heile fire nye titlar, mellom dei urpremiere på dramatiseringa av Maja Lundes Snøsøstera og nabolagsturné med ein campingbil. Teateret er også staden for dei store spørsmåla og dei lange tankerekkene. Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen er tilbake med ei ny framsyning om tru og tvil. For kva er eigentleg skilnaden mellom fysikkens «big bang» og Guds «bli lys»?

ALLE FRAMSYNINGAR HAUSTEN 2021 FINN DU HER

Emner

Tags



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Pressekontakt

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert materiale