Gå videre til innhold
Det Norske Teatret spelar teater for 50 publikummarar

Pressemelding -

Det Norske Teatret spelar teater for 50 publikummarar

Det Norske Teatret held fram med å spele teater, trass dei nye restriksjonane som vil gjelde frå og med midnatt 14.12.2021.

- Vi har sagt gjennom heile pandemien at teater er viktig og at så sant det er mogleg og lov, så spelar vi, seiere teatersjef Erik Ulfsby. 
Dei nye innstrammingane rammar kulturlivet hardt, men det positive er at vi ikkje er stengt.
- Glede og meining spreier seg lett. Derfor ønskjer vi å halde fram, seier Ulfsby.
Det er likevel ein stor jobb å flytte på publikum, og mange som har kjøpt billettar, vil bli skuffa. Det Norske Teatrets medarbeidarar arbeider utretteleg og kontinuerleg med å varsle og flytte alle som blir roka av dei nye restriksjonane.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter