Gå videre til innhold
Foto: Fin Serck Hanssen/DNT
Foto: Fin Serck Hanssen/DNT

Pressemelding -

Eirik Stubø blir ny husregissør ved Det Norske Teatret

Eirik Stubø går inn i den kunstnarlege staben ved Det Norske Teatret. I perioden 2021-25 vil han vere knytt til teateret som ein av fire husregissørar, saman med Johannes Holmen Dahl, Kjersti Horn og Peer Perez Øian.

Teatersjef Erik Ulfsby er svært glad for å ha engasjert den ettertrakta teaterleiaren og regissøren, og ser fram til å knytte han tettare til Det Norske Teatret.
– Eirik Stubø er ein sterk regissør av internasjonalt format. Eg er glad og stolt over at han har takka ja til å vere med å prege scenekunsten ved Det Norske Teatret ut min periode som teatersjef.

Eirik Stubø er også glad for engasjementet. Han har følgd teaterets kunstnarlege utvikling gjennom dei siste åra. 
– Eg ser fram til å kunne vere med på å bringe Erik Ulfsbys prosjekt vidare. Det blir kjekt å kunne arbeidde langsiktig ved Det Norske Teatret, eit teater eg kjenner godt frå tidlegare produksjonar, seier Stubø. – Eg har gode minne frå teateret og har med nysgjerrigheit følgd den positive veksten dei har opplevd dei seinare åra. Det er eit fantastisk ensemble, og eit godt og kreativ arbeidsmiljø eg no blir del av. 

Emner


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter