Gå videre til innhold
Framsyninga Mare har urpremiere 19. januar på Scene 2. Foto: Erik Malmo
Framsyninga Mare har urpremiere 19. januar på Scene 2. Foto: Erik Malmo

Pressemelding -

Eit dykk ned i ursuppa

Regissør Lisa Lie debuterer på Det Norske Teatret med ei framsyning der populærkulturen har ein like naturleg plass som dei greske gudane.

MARE
URPREMIERE LAURDAG 19. JANUAR KL 18.00
SCENE 2

Regissør Lisa Lie debuterer på Det Norske Teatret med framsyninga Mare. Mare som i mareritt. Mare som i hav. Mare som i kvinneleg kvelardemon, og mare som i hest av hokjønn.

På Scene 2 har Lisa Lie saman med skodespelarane, scenograf og resten av det kunstnarlege teamet skapt eit eige univers der konvensjonelle reglar og logikk er oppheva. Eit unikt univers der populærkulturen har ein like naturleg plass som dei greske gudane. Det er som om det heile spring ut frå ei slags «ursuppe», ei gryte, der scenen renn over av fargar, mytar, referansar og ord. Det heile er like underhaldande som det er skremmande.

- Eg har lenge vore fascinert av kva som driv foreldre som drep barna sine. Frå tid til annan kjem det fram dei mest bestialske tilfella av barnedrap som er så ille at vi eigentleg ikkje vil høyre. Kva tenkte dei på? Kva dreiv dei? Kan ein drepe for å skåne? Det er vanskeleg å forstå, men vi kan prøve. Eg ønskjer ikkje å forstå dette for å forsvare, men for å få innsikt i desse mørke kreftene, som eg trur finst i oss alle. Eg meiner det er eit ansvar vi alle har, å sjå inn i denne materien. Om vi ikkje anerkjenner dette og snakkar om det, blir vi blinde for å sjå når slike ting skjer, forsvarslause mot å forhindre det. 

HUMOR OG TRAGEDIE ER NÆRT KNYTT TIL KVARANDRE

Det 2000 år gamle greske dramaet Medea er ein av inspirasjonane til Mare. Barna til Medea blir drepne, og i mange av versjonane av dramaet gjer ho dette sjølv, som ein hemn på mannen Jason, som svikta henne for ei anna. Når regissør Lisa Lie går laus på tematikken er det med mykje humor.

- Humor har alltid ein sentral plass i arbeidet mitt, og eg insisterer på at ein kan lage humor av alt. Sjølv dette. Humor og tragedie er nært knytt til kvarandre.

Lisa Lie har brei erfaring frå teateret og verkar som scenekunstnar, regissør, performancekunstnar, og framsyninga hennar Blue Motell fekk i 2013 Heddaprisen for Særleg kunstnarleg innsats. Med seg har ho scenograf og kostymedesignar Maja Nilsen, komponist og lyddesignar Magnus Børmark og lysdesignar Kerstin Weimers.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Pressekontakt

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge