Pressemelding -
Eit møte med Arne Garborg og Kitty Kielland
To gjestespel gir eit nært innblikk i tankane til og forholdet mellom store personlegdomar innan norsk kunst og litteratur, nemleg Kitty Kielland og Arne Garborg.
VENNSKAPSKUNST
av og med Torbjørn Berglund Eriksen og Nina Ellen Ødegård
LAURDAG 8. MARS KL. 19.00
SCENE 2
DEN BORTKOMNE FADEREN
av Arne Garborg
TORSDAG 13. MARS KL. 19.30
SCENE 2
Kva betyr det å vere ein venn? Brevvekslinga mellom målarinna Kitty Kielland og forfattaren Arne Garborg viser ein inderleg vennskap mellom ei kvinne og ein mann frå ei tid da ein kanskje ikkje skulle tru at det kunne vere mogleg. Gjennom breva får ein sjå korleis dei analyserer seg sjølve og den andre, og vennskapet dei imellom. To andre gode venner - Torbjørn Berglund Eriksen og Nina Ellen Ødegård framstiller dei to på scenen i Vennskapskunst.
Den bortkomne faderen er rekna som Arne Garborgs mest personlege verk, men er også i manges auge det vakraste. Garborg hadde tre søstrer og to brør som emigrerte til Amerika, og dette har nok inspirert han i arbeidet med denne romanen. Karakteren Gunnar Hóve reiser heim frå Amerika etter at faren er gått bort. Han søkjer meining og samanheng i livet, i ei tid da nye tankar og idear har tatt over for dei gamle. På leit etter kven faren var, finn han seg sjølv, i møtet med sin eigen bror.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.