Gå videre til innhold
Illustrasjon: Kim Hiorthøy.
Illustrasjon: Kim Hiorthøy.

Pressemelding -

Er vi forplikta til å ta vare på foreldra våre?

Goksøyr & Martens har gjort det til sitt varemerke å lage dokumentariske teaterframsyningar med nære og gjenkjennelege tema frå kvardagen. Denne gongen undesøker dei korleis smittevernet har utfordra forholdet til våre næraste, korleis fråværet av ritual påverkar oss og om vi er forplika til å ta vare på foreldra våre når dei blir gamle og treng hjelp.

GÅ (livet #5)
av Goksøyr/Martens
Urpremiere måndag 14. september kl. 17.00/17.15/17.30/17.45
Oppmøte ved billettluka på Det Norske Teatret

I framsyninga blir publikum leia med på ei vandring frå Det Norske Teatret til St. Hanshaugen. På teateret får dei kvar sine hovudtelefonar. (livet #5) er ein personleg tankestraum som går i dialog med byrommet og dei lydane og hendingane som oppstår der. Gjennom lydsporet i hovudtelefonane og ting som skjer på vegen blir pubblikum kjende med ei kvinne som er på veg til eit akuttmottak. Medan ho bevegar seg gjennom byen får vi vite kva ho tenkjer om mor si - og om kva som skjedde for ti dagar sidan.

Les meir: - Vi vil inn i kompleksiteten i eit omsorgsarbeid. Omsorg kan føre med seg ei kjensle av noko dobbelt, både ei rolle ein ønskjer å ha og ei rolle ein tidvis vil sleppe unna, seier Toril Goksøyr og Camilla Martens.

GÅ er femte og siste del av pentalogien LIVET – ei framsyningsrekke som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død. 

Audiovandringa blir produsert i samarbeid med Ultimafestivalen.

Utøvande kunstnarar er fritekne frå avstandskravet på 1 meter når dei gjennomfører kulturaktivitetar i regi av ein profesjonell aktør, jf paragraf 13 i Forskrift om smitteverntiltak.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Jon Bleiklie Devik, som har rolla som slåttekaren Nesje, opplevde at framsyninga han spelte i blei sett på pause dagen etter premieren.

    Teater ute og Slåttekaren i strøymeversjon

    Førstkomande laurdag er første gongen Det Norske Teatret spelar teater for publikum sidan Oslo blei stengt i november, med vandreframsyninga GÅ. Samstundes utvidar teateret tilbodet med direktestrøyming av teater med enno ei framsyning. Heile landet kan no få med seg Slåttekar i himmelen heime i eiga stove.