Gå videre til innhold
Foto: Tale Hendnes
Foto: Tale Hendnes

Pressemelding -

Fersk Ibsenprisvinnar som digital oppleving

Mare av Lisa Lie blei kåra til den store kultklassikaren da framsyninga hadde urpremiere på Scene 2 i 2019. No har framsyninga nett vunne den nasjonale Ibsenprisen for beste scenetekst, og i det høvet blir framsyninga tilgjengeleg i ein digital versjon frå videoarkivet. 

FREDAG 24. APRIL KL. 20.00
I EI STOVE NÆR DEG på våre nettsider
Framsyninga blir liggande på våre nettsider ei stund framover
Vi gjer merksame om at dette er eit opptak av framsyninga, ikkje framsyninga.

Mare er ein tittel som gir mange assosiasjonar. Mare som i mareritt. Mare som i hav. Utgangspunktet for framsyninga er morskjærleiken, og kva drivkrefter denne skapar i kvinnene som blir til mødrer. Spesielt dei mørke kreftene.

Lisa Lie: Eg har lenge vore fascinert av kva som driv mødrer som drep barna sine. 


Urkrefter
For å finne svar har ho leita både mellom historiske kvinneskikkelsar som Magda Goebbels, men også i mytiske skapnader som Medea frå gresk mytologi og mara frå den norske - som slettes ikkje er ei mor, men ein form for kvelardemon. Og visst kan morskjærleiken vere kvelande.


Når Lisa Lie går laus på tematikken er det med overraskande mykje humor.


Markant regissør
Regissør Lisa Lie er ein av våre mest spennande regissørar, og har lenge prega det norske teaterlandskapet. Mare er hennar første framsyning ved Det Norske Teatret, og blei allereie ved premieren spådd av Aftenpostens meldar å bli ei kultframsyning. Saman med skodespelarane, scenograf og resten av det kunstnarlege teamet skapte ho eit eige univers der konvensjonelle reglar og logikk er oppheva. Her har populærkulturen ein like naturleg plass som dei greske gudane. Det er som om det heile spring ut frå ei slags «ursuppe», ei gryte, der scenen renn over av fargar, mytar, referansar og ord. Det heile er like underhaldande som det er skremmande.


Les meir om Mare på våre nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge