Gå videre til innhold
Merete lokkar Frans med ut i skogen for å jakte godteri. Foto: Monica Tromassy.
Merete lokkar Frans med ut i skogen for å jakte godteri. Foto: Monica Tromassy.

Pressemelding -

Hans og Grete gratis - og med ein vri

Når Det Norske Teatret set opp det kjende eventyret om Hans og Grete, er hovudpersonane Frans og Merete. Dei har ikkje råd til godteri eller gåver til jul. Men framsyninga - den kan publikum sjå gratis*.

HANS OG GRETE
basert på eventyret av brørne Grimm
PREMIERE TORSDAG 16. NOVEMBER KL. 18.00
SCENE 3

Det er fargesprakande, skakt og humoristisk når Scene 3 blir åstad for Frans og Meretes eventyrlege jakt på skattekista til heksa i eventyret. Dei har nemleg overhøyrt mora snakke med ei venninne i telefonen, og ho klaga si naud over at den vesle familien ikkje har råd til julemiddag eller gåver til jul. Så da tenkjer Frans og Merete at det vel må vere lov til å stele litt frå ei slem heks?

Som sagt, så gjort. Frans og Merete dreg ut for å finne heksa og stele skatten hennar. Vegen til heksehuset blir som ein både skummel og fantastisk draum, og når dei får sjå det bugnande godteskåpet hennar, gløymer dei all fornuft

Dyrtid

Regissør Charlotte Frogner har i samarbeid med ensemblet improvisert fram denne versjonen av eventyret, som tek utgangspunkt i Hans og Grete. Vi møter ein liten familie på tre, aleinemora Gry og barna Frans og Merethe. Dei er ein vanleg familie som er vane med å klare seg, men no gjer dei auka utgiftene alt vanskelegare, nett slik det faktisk er for mange familiar i desse dyrtider

*=«Alt er gratis*»

Framsyninga Hans og Grete er ein del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 som strekker seg fram til nyttår.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge