Gå videre til innhold
Abdulhkeem Hassane slo igjennom som rappar og artist da han var 20 år gamal med låta "Fy faen", i lag med ungdomskompisen Temur Baig. Foto: Eirik Malmo.
Abdulhkeem Hassane slo igjennom som rappar og artist da han var 20 år gamal med låta "Fy faen", i lag med ungdomskompisen Temur Baig. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Hkeem debuterer på teaterscenen

Abdulhakeem Hassane - eller Hkeem, som dei fleste kjenner han som - har faktisk drøymt om å stå på ein teaterscene lenger enn han har vore rappar. Denne våren blir det verkelegheit - og det med si eiga ærlege historie.

ABDUL ≈ HKEEM
av Hannah Wozene Kvam og Abdulhakim Hassane
URPREMIERE 29. MARS KL. 19.30
ROMMEN SCENE, DET NORSKE TEATRET I GRORUDDALEN

For to år sidan satt kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza, og såg på Hver gang vi møtes på TV2. Der var Abdulhakim Hassane mellom deltakarane. Plutseleg sa Hassane at han alltid hadde drøymt om å spele teater. Dagen etter slo Braza på tråden til Hassane - som faktisk allereie var i dialog med regissør Cliff Moustache om å gjere noko i lag. Som sagt - så gjort. 29. mars er det endeleg premiere, og Hkeem står for første gongen på teaterscenen - men denne gongen er det som Abdulhakeem.

Bak fasaden

Gjennom dialogar, monologar og eigne songar vil Abdulhakeem Hassane gå bak fasaden til den sjølvsikre artisten Hkeem og vise kven han er. Han vil dele episodar og hendingar frå livet som har prega han og gjort han til den han er i dag. ABDUL ≈ HKEEM er ei oppvekstforteljing om ein gut frå Stovner som har forsøkt å navigere mellom ulike kulturar ute og heime, som har ei mor frå eit anna land og ein fråverande far. Det handlar om venner, einsemd, rasisme, kjærleikssorg og det å prøve å passe inn. Og om å bere på ein draum om bli noko stort og kunne bety noko for andre. For Hassane er det å treffe ungdom og gi dei håp om at dei også kan få til noko i livet den største draumen.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge