Pressemelding -

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit blir høg beskyttar for Den internasjonale Fossefestivalen

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er blant dei trufaste lesarane til Jon Fosse og har takka ja til å vere høg beskyttar av DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen, som i år blir arrangert i perioden 5. til 13. september.

Gjennom Nobelprisen har Jon Fosse fått betydeleg merksemd i den internasjonale litteraturverda. At H.K.H. Mette Marit no står som beskyttar av festivalen som ber Fosse sitt namn, vil gi festivalen viktig tyngd og kraft i det framtidige arbeidet med å kuratere festivalen.

Samstundes understrekar denne beskyttarskapen ytterlegare den betydninga Fosse har i norsk og internasjonalt kulturliv. Det er kort og godt av stor betydning for Det Norske Teatret og for festivalens posisjon. Kronprinsessas anerkjenning vil fungere som ein viktig døropnar for det internasjonale samarbeidet i scenekunsten.

Heile teaterprogrammet til DIFF lansert

Samtidig som vi kan offentleggjere beskyttarskapen til festivalen, er også heile breidda i det kunstnarlege programmet til DIFF klart.
Du kan lese heile programmet her.

Og her er nyheitene som blir lanserte i dag:

Antigone in de Amazon

«Grenseoverskridande og brennaktuelt teater, eitt absolutt "must-see"» skreiv Time Out Magazine om Antigone in de Amazon. Dette er ein politisk versjon av Antigone for det 21. århundret, skapt av den sveitsiske regissøren Milo Rau i lag med urfolk, aktivistar og skodespelarar frå Brasil og Europa.
Les meir

Forandre seg: metode

På Scene 2 vil det bli urpremiere på teaterversjonen av romanen Forandre seg. Metode Édouard Louis. Her tar den franske forfattaren opp tråden frå den første romanen sin, Farvel til Eddy Bellegueule. Han reflekterer over livsprosjektet sitt med å skape seg om, å bli ein annan, å fjerne seg frå opphavet sitt. Kjersti Horn har regien og Vetle Bergan står aleine på scenen.
Les meir

Vaim av Jon Fosse - romanlansering

Romanen Vaim er den første boka Jon Fosse gir ut etter han fekk Nobelprisen i litteratur i 2023, og blir lansert i samband med opninga av DIFF 2025. Det handlar om sjarkar og snekker, kjærleik og død, føyelege menn og ei uvanleg bestemt dame.
Les meir

Dragonblood

Multikunstnarduoen Only Slime har nett motteke Norsk Komponistforenings pris for Årets verk for si førre teaterframsyning Afterlife. I haust er dei klar med ei framsyning som nok ein gong er ei heksegryte kokt på referansar, mellom anna til klubbkultur, rollespel, opera, popkonsert, spådomskunst, fantasy, virale internettfenomen og historieforteljing.
Les meir

Sider - smaken av Hardanger

Jon Fosse er frå Strandebarm i Hardanger - den norske siderens vogge. Pommelier Thomas Digervold tek publikum med på ein smakrik rundtur i Hardangers aromatiske univers.
Les meir

Heile DIFF-programmet

Her kan du lese deg opp på heile det kunstnarlege programmet under Den internasjonale Fossefestivalen DIFF. I tillegg vil det bli samtalar og fagprogram som kjem til seinare.

Related links

Emner

  • Litteratur

Kategorier

  • teater


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter