Gå videre til innhold
Ina Svenningdal og Kaia Varjord er fast tilsette ved Det Norske Teatret

Pressemelding -

Ina Svenningdal og Kaia Varjord er fast tilsette ved Det Norske Teatret

I dag beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Ina Svenningdal og Kaia Varjord.

- Det er alltid ei glede styrke det faste ensemblet ved teatret med nye skodespelarkrefter. Ina og Kaia er vidt forskjellige, men har begge over år vist at dei er allsidige skodespelarar som styrker ensemblet ved teateret på kvar sitt vis, seier ein glad teatersjef Erik Ulfsby. Han meiner det er ei ekstra stor glede å kunne gi to skodespelarar trygge rammer i ei usikker tid som den vi er inne i.

Ina Svenningdal (27) frå Oslo er utdanna ved skodespelarutdanninga ved Kunsthøgskolen i Oslo (2019). Ho byrja tidleg med teater, og var første gongen på ein stor scene i Putti Plutti Pott da ho var fem år (2001, 2002). Etter skodespelarutdanninga debuterte ho som profesjonell skodespelar i Indigo Englehår ved Brageteatret i 2019, deretter var ho del av produksjonen Sykt blod. Sidan har ho vore knytt til Det Norske Teatret, og vore del av produksjonane Berenice, Lehmantrilogien, Tolvskillingsoperaen, Tryllefløyta, Kristin Lavransdotter og Into the Woods, i tillegg til Vikla inn i blått og Keeperen og havet. Svenningdal har vore med i fleire TV-produksjonar i NRK: Linus i Svingen, Jul i Svingen og alle sesongane av SKAM.
For tida er ho aktuell som Anna i Frost og til våren i Spynorsk. The Musikal.

Kaia Varjord (45) frå Akershus gjekk ut frå Statens Teaterhøgskole i 2005, og har jobba ved både Nationalteatret, Oslo Nye Teater og Riksteatret. Sidan 2007 har ho vore knytt til Det Norske Teatret og spelt ulike roller i m.a. Få meg på, for faen, Sjuk ungdom, Mor Courage, Vår vesle, Inkognito, Andre verdskrigen – Natt i verda, Raskolnikov, Kristin Lavransdotter, og i tittelrolla i Mitt namn er Rachel Corrie. Ho har hatt roller i fleire filmar, m.a. som Karianne i 90 minutter. Ho har også vore med i ei rad TV-seriar, for tida i krimserien Wisting på Viaplay.
På Det Norske Teatret er ho no å sjå som Svein i Frost og som ei av hovudrollene i Tatovering til våren.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge