Pressemelding -
Kritikarrost framsyning og forbode musikk på Scene 3
Da Saykoluhjee hadde premiere i fjor på Salt, skreiv Aftenpostens teatermeldar at "Tani Dibasey viser en ny vei for norsk teater" og trilla 6 på terningen. No blir framsyninga å sjå på Det Norske Teatret. Det blir også artisten Ramy Essam, som er svært omstridt i heimlandet Egypt.
SAYKOLUHJEE
ONSDAG 5. MARS KL. 18.30, FREDAG 7. OG LAURDAG 8. MARS KL. 18.00
FOAJEEN
I Saykoluhjee ønskjer Tani Dibasey og laget han har med seg å undersøke forholdet mellom personar med minoritetsbakgrunn og storsamfunnet. Dette gjer dei gjennom å dele personlege historier om identitet, oppdraging og psykisk helse. Korleis påverkar det einskildpersonar når definisjonen av kva som er ei psykisk liding er bestemt av fagpersonar med hovudsakeleg vestleg og kvit bakgrunn?
PARTY MODE med RAMY ESSAM
SONGS OF LIBERATION
TORSDAG 6. MARS KL. 18.30
SCENE 3
Torsdag 6. mars inviterer gjengen på Scene 3 også til fest og konsert med Ramy Essam. Den egyptiske artisten har blitt kjent som stemma til den egyptiske revolusjonen. Under opprøret mot det egyptiske regimet i 2011 framførte han musikken sin på Tahrir-plassen framfor millionar av demonstrantar. Essam blei fengsla og torturert, og musikken hans blei fort forbode i heimlandet. Noko den framleis er. Songen "Irhal" blei kjent som sjølve hymna til revolusjonen, og magasinet Time Out har kåra låta til den tredje mest verdsendrande songen gjennom historia. Men på Scene 3 framfører han sine Songs of liberation til det norske publikumet, som får lov til å høyre.
PARTY MODE med SIGURD OG ANDERS ER FANGA/MARKVEIEN DRUEKLUBB/DANCE THERAPY
FREDAG 7. MARS KL. 20.00
SCENE 3
Som eit slags nachspiel etter Saykoluhjee denne kvelden kan publikum få med seg framsyninga Sigurd og Anders er fanga, og multikunstnarkollektivet Markveien drueklubb. Det heile blir avrunda med Dance=Therapy med DJ T9T9T9.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.