Gå videre til innhold
God stemning i salen under OBOS-framsyningane av Snøkvit i 2017.
God stemning i salen under OBOS-framsyningane av Snøkvit i 2017.

Pressemelding -

OBOS billettfond for skolar

Det Norske Teatret og OBOS held fram med billettsamarbeidet. I haust kan skoleklassar oppleve Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken heilt gratis.

ROALD DAHLS CHARLIE OG SJOKOLADEFABRIKKEN
GJENNOM OBOS BILLETTFOND
ONSDAG 13. NOVEMBER KL. 12.00
TORSDAG 14. NOVEMBER KL.
12.00

Det Norske Teatret og OBOS har sidan 2017 samarbeidd om å gi barn sjansen til å oppleve scenekunst utan at det skal koste noko for elevane. I år har vi dobla kapasiteten, og heile 1400 billettar blir fordelte på skoleklassar gjennom OBOS billettfond. Hausten 2019 samarbeider teateret med OBOS om framsyninga Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken, ei framsyning som vil kunne glede mange barn.

Her finn du søknadsskjema for OBOS billettfond. Søknadsfristen er 1. oktober, og deretter blir dei heldige skoleklassane trekte ut.

Del av OBOS gir tilbake
OBOS støttar fleire arenaer innan kultur, sport og humanitært arbeid. OBOS har også som mål å støtte positive miljøtiltak i buområda til medlemmane, samt bidra til positive oppvekstvilkår for barn og unge. Det Norske Teatret vil vere med på å gje barn og unge gode kulturopplevingar og eit møte med nynorsken. Med OBOS billettfond for skolar ønskjer teateret at flest mogleg skal få oppleve kunst og kultur.

Les meir om teaterframsyninga Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken.

Emner

Tags



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Pressekontakt

Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573
Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Relatert materiale