Gå videre til innhold
Med desse "smittevern-draktane" skal publlikum kunne gå på teater nesten som før pandemien. Foto: Siren Høyland Sæter.
Med desse "smittevern-draktane" skal publlikum kunne gå på teater nesten som før pandemien. Foto: Siren Høyland Sæter.

Pressemelding -

APRILSNARR: Opnar for publikum i "smittevern-draktar"

Det Norske Teatret går nok ein gong nye vegar for å nå ut med teater til publikum. No lanser teateret "smittevern-draktar" som gjer at publikum igjen kan støyme totalt smittesikkert inn i salane.

Kulturaktørar har det siste året rive seg i håret over strenge smitteverntiltak og stengde salar. Ved Det Norske Teatret har det ikkje vore publikum i salane sidan 4. november 2020. No har teatret tatt grep og produsert 100% smittesikre draktar publikum kan ta på seg når dei kjem til teatret.
- Vi er imponerte over kva Det Norske Teatret her har fått til, seier ein smittevernekspert i Bydel St. Hanshaugen i Oslo. Han har godkjend patenten, som er utvikla ved teaterets eiga kostymeavdeling. 

Gjenvinnbart materiale

- Vi har berre nytta gjenvinnbart materiale i produksjonen av dressane, og dei kan også bli nytta fleire gongar, lovar utviklar Tove Svartsund ved kostymeavdelinga, Tove Svartsund. Etter bruk blir draktane desinfiserte ved hjelp av eit avansert dysesystem i eit av skapa på patineringsverkstaden, som vanlegvis blir brukt til å sprayfarge kostyma. - Vi har reinsa dysene og no blir 90% antibac spraya over draktene under ein antiseptisk dampvask ved 102 grader, forklarar Svartsund.

Nestan umerkeleg

Publikumar Jannik Wiberg er ein av dei første som testar "smittevern-drakta". - Eg tenkjer nesten ikkje over at eg har henne på. Dette er fantastiske nyheiter for heile kulturfeltet, meiner publikumaren. Dersom "smittevern-draktane" fungerer ved Det Norske Teatret, vil draktene mest truleg også kunne bli produsert ved andre kulturinstitusjonar og syte for at heile kulturlivet likevel får ein ny vår i 2021.
- Som skodespelar så er ein jo van med å gi veldig mykje av seg sjølv, så eg er no skikkeleg klar til å berre... øse ut! jublar skodespelar Heidi Gjermundsen Broch, som gler seg til å spele Slåttekar i himmelen for ein fullsett sal.

Stolt teatersjef

Det Norske Teatrets teatersjef, Erik Ulfsby, er lykkeleg over å kunne opne dørene for publikum igjen. - Det har vore tungt for teatret å ikkje kunne møte publikum i så lang tid. Vi har måtta legge mange framsyningar på hylla, og utsett eit titals premierar. No gler vis oss til å endeleg møte publikum igjen! seier han opprømt.

Teateret vil opne dørene for eit avgrensa test-publikum i første omgang, men frå 15. april vil teateret opne for full drift med publikum i "smittevern-draktar".

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter