Gå videre til innhold
Raskolnikov med Preben Hodneland i hovudrolla har fått heile 6 Heddapris-nominasjonar - blant anna for beste mannlege hovudrolle. Foto: Dag Jenssen.
Raskolnikov med Preben Hodneland i hovudrolla har fått heile 6 Heddapris-nominasjonar - blant anna for beste mannlege hovudrolle. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Rekordmange Hedda­nominasjonar til Det Norske Teatret - sterk haust i vente

Det Norske Teatret fekk i dag heile 12 Heddapris-nominasjonar. Teatersjef Erik Ulfsby feirar med å presentere heile haustens repertoar.

Det var ein nøgd teatersjef Erik Ulfsby som kunne konstatere rekord i talet på nominasjonar til Det Norske Teatret etter at årets Hedda-nominasjonar i dag blei offentleggjort.

– 12 fantastiske nominasjonar! Det er eit sterkt signal om at Det Norske Teatret har presentert relevant og godt teater i året som gjekk. Mange av våre scenekunstnarar har utmerkt seg både på og rundt scenen med solide prestasjonar, noko dette er eit synleg bevis for, meiner han.
– Det kjennest ekstra godt å få denne anerkjenninga etter ein sesong som på alle vis har vore annleis. No kan vi endeleg både glede oss over det som faktisk skjedde av kunstnarleg verdi, samstundes som vi kan løfte blikket framover og sjå inn i ein haust som teiknar til å bli viktig, variert og verdifull.

Raskolnikov med Preben Hodneland i tittelrolla og med Kjersti Horn på regi utpeikar seg med heile 6 nominasjonar, men også storsatsinga Trilogien av Jon Fosse får fleire og tunge nominasjonar. Villanda i ei omarbeidd utgåve blir lagt merke til og det er stor begeistring over at denne er nominert i kategorien for Beste framsyning for ungdom.

– Dette fortel nok ein gong om høg kvalitet i alle ledd og i alle faggrupper, presiserer teatersjefen, og lovar at neste sesong vil bli like variert og spennande:
- Sjølv om ikkje alt er klart for å leggast ut i sal før 12. juni - det er mange nye omsyn å ta for å tilpasse scene og sal til gjeldande smittereglar – lettar vi i dag på sløret og legg fram titlane i det kommande repertoaret.

Oversyn over repertoaret nedst i pressemeldinga.

Det Norske Teatret er nominert til Heddaprisen for:

Beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle

Gjertrud Jynge i rolla som Ales i Trilogien av Jon Fosse, regi: Luk Perceval
– Det Norske Teatret

Beste mannlege skodespelar/hovudrolle

Preben Hodneland i rolla som Raskolnikov i Raskolnikov, basert på «Forbrytelse og straff» av Fjodor Dostojevskij, regi: Kjersti Horn
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

Beste mannlege skodespelar/medspelar

Emil Johnsen i Raskolnikov, basert på «Forbrytelse og straff» av Fjodor Dostojevskij, regi: Kjersti Horn
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

Frode Winter for rolla som Etterforskaren i Raskolnikov, basert på «Forbrytelse og straff» av Fjodor Dostojevskij, regi Kjersti Horn
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

Beste regi

Kjersti Horn for Raskolnikov, basert på «Forbrytelse og straff» av Fjodor Dostojevskij
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

Luk Perceval for Trilogien av Jon Fosse
– Det Norske Teatret

Årets framsyning

Raskolnikov, basert på «Forbrytelse og straff» av Fjodor Dostojevskij, regi: Kjersti Horn
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

Trilogien av Jon Fosse, regi Luk Perceval
– Det Norske Teatret

Beste framsyning for ungdom

Villanda av Henrik Ibsen, regi: Lars Erik Holter
– Det Norske Teatret

Beste scenetekst

Lars Erik Holter og ensemblet for omarbeiding av Villanda av Henrik Ibsen
– Det Norske Teatret

Beste scenografi/kostymedesign

Annette Kurz for scenografi og Ilse Van den Busche for kostymedesign til Trilogien av Jon Fosse, regi: Luk Perceval
– Det Norske Teatret

Beste audiovisuelle design

Sven Haraldsson og Mads Sjøgård Pettersen for videokonsept og Erik Hedin for lyddesign til Raskolnikov basert på «Forbrytelse og straff» av Fjodor Dostojevskij
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

Les alle nominasjonane på Heddaprisens nettsider


Emner

Kategorier

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge