Pressemelding -
Slåttekar i himmelen blir teater
Boka om Edvard Hoems eigen oldefar, slåttekaren Nesje, har nådd ein stor lesarskare. No kjem boka til liv på Hovudscenen på Det Norske Teatret.
SLÅTTEKAR I HIMMELEN
av Edvard Hoem
URPREMIERE LAURDAG 7. MARS KL. 18.00
HOVUDSCENEN
I samarbeid med Teatret Vårt i Molde
Det skulle ta mange tiår frå Edvard Hoem først fekk ideen om å skrive om familien til den første boka om oldefaren kom ut. Men da han først sette i gong med å skrive, losna det. Fire bøker har det blitt til no om Nesje-slekta. Ei forteljing som ikkje berre er ei skildring av forfedrane til Edvard Hoem, men også eit stykke norsk historie. Mellom 1825 og 1920 valde ein betydeleg del av den norske befolkinga, nærare bestemt 800.000, å reise til Amerika. Edvard Hoem har villa sjå nærare på kva som dreiv dei som drog, og kva som gjorde at andre blei verande, og kva dette gjorde med familiane som blei splitta.
Avslag på avslag
Allereie for 40 år sidan la Edvard Hoem fram idéen om å lage teater eller bok av historia om oldefaren Knud Hansen Nesje (1838-1912). Men både teateret og forlagsbransjen var skeptiske. Ein generasjon seinare har det blitt fleire bøker, og no blir det også endeleg teater.
Storslått på Hovudscenen
Bentein Baardson er mannen for dei store høva, og til oppsetjinga av Slåttekar i himmelen på Hovudscenen er han tilbake som regissør på Det Norske Teatret for første gong sidan 1996. Han lar Moldelandskapet og slåttekarens omgivnader bli malt fram av filmatisk og storslått musikk i samspel med videoprojeksjonar. Skodesplarane vekselvis fortel og spelar ut delar av handlinga.
Slåttekaren og Serianna
Heidi Gjermundsen Broch og Jon Bleiklie Devik har spelt ektefolk på scenen eit utal gonger og kjenner kvarandre godt. Foto: Eirik Malmo.
Jon Bleiklie Devik skal spele rolla som husmannen og slåttekaren Nesje. Heidi Gjermundsen Broch er kona, Serianna. Dette er eit samarbeidsprosjekt med Teatret Vårt i Molde, og premieren der blir 15. august. Frå Molde kjem Sara Fellman og Bjørnar Teigen, som skal spele Seriannas søster, Gjertine, og mannen hennar, Ole Salmakar, som begge dreg over Atlanteren til Amerika.
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.