Gå videre til innhold
Svært mange skolar har meldt interesse for å sjå Utafor gjennom OBOS´ billettfond.

Pressemelding -

Svært mange skolar har meldt interesse for å sjå Utafor gjennom OBOS´ billettfond.

Enorm interesse for nytt samarbeidsprosjekt mellom OBOS og Det Norske Teatret som gir gratis teaterbillettar til barn og unge. Sist haust var tilbodet retta mot barneskolen, denne våren er det ungdomsskolen og vidaregåande skole som er målgruppa.

Det Norske Teatret og OBOS har inngått eit samarbeid som har resultert i eit "billettfond", der 1500 teaterbillettar skal bli fordelte på skoleklassar på austlandet. Klassene må søke innan 11. mars, etter det vil det bli trekking av kven som får høve til å sjå Utafor på Det Norske Teatret si Hovudscene.

 Les meir om billettfondet

Teater fro alle

Gratisprinsippet i skolen fører til at ikkje alle barn får høve til å oppleve kultur utanfor det Den kulturelle skolesekken tilbyr. OBOS og Det Norske Teatret har ønskt å gjere noko med dette. OBOS støttar allereie fleire arenaer innan kultur, sport og humanitært arbeid, og har som mål å støtte positive miljøtiltak i buområda til medlemmane, samt bidra til positive oppvekstvilkår for barn og unge gjennom OBOS gir tilbake. – «Det er viktig at barn og unge får sjansen til å oppdage scenekunst. Dette er ein moglegheit til det, utan at det kostar noko for elevane», fortel Hege Irene Asplund, sponsorrådgivar i OBOS. «Å nå ut til barn og unge er ein hovudoppgåve for Det Norske Teatret. Samarbeidet mellom OBOS og Det Norske Teatret er eit godt eksempel på at aktørar frå næringsliv og kulturfeltet kan finne saman», seier Erik Ulfsby, teatersjef ved Det Norske Teatret.

Nynorsk og teater

Det Norske Teatret vil vere med på å gi elevar, i denne omgang i ungdomsskolen og vidaregåande skole, gode kulturopplevingar og eit positivt møte med nynorsken. Samarbeidet med OBOS er med på å realisere dette. «For mange inneber eit besøk til Det Norske Teatret eit første møte med nynorsk, og med teater, for den del» , seier Kirsti Ervik, prosjektleiar ved Det Norske Teatret.

Les meir om Utafor

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Svein Tindberg var i Jerusalem i 2017 for å gjere research til framsyninga Utafor. Med seg hadde han sine fire unge medspelarar.

    Tru, håp og teater

    I vår blir det teater i kampen mot ekstremisme på Hovudscenen. Det Svein Tindberg ønskjer med prosjektet, er at vi skal sjå kvarandre, for pokker!
    Dei siste åra har fleire tusen europearar slutta seg til IS. PST anslår at om lag 100 av desse framandkrigarane har band til Noreg. I dette talet er det både menn, kvinner og barn. Når grunnen no skakar under Den Islamske Staten, reiser fleire av fra