Gå videre til innhold
Her på Det Norske Teatrets fortau, kan ein høyre teatrets stemme kvar kveld. Foto: Siren Høyland Sæter.
Her på Det Norske Teatrets fortau, kan ein høyre teatrets stemme kvar kveld. Foto: Siren Høyland Sæter.

Pressemelding -

Tale frå eit tomt teater

På fortauet utanfor Det Norske Teatret kan ein kvar kveld høyre Roland Schimmelpfennigs essay om teateret i krisetid.


I RØYNDA ER DET HEILT STILLE
PREMIERE 20. MAI KL. 20.00
DERETTER KVAR DAG KL. 20.00
PÅ FORTAUET UTANFOR HOVUDINNGANGEN TIL DET NORSKE TEATRET
eller
SOM HØYRESPEL PÅ NETTSIDENE VÅRE FRÅ 22. MAI

24. mars, berre kort tid etter at teater over heile verda måtte lukke dørene, skreiv Roland Schimmelpfennig eit essay om kunsten i krise.

Sjølv om scenehusa så smått er i gang med å opne, står dei store hovudscenane tomme. I alle fall fram til hausten. Ingen veit når vi kan fylle dei igjen, og Schimmelpfennigs ord minner oss om kva vi saknar og kor spesiell denne situasjonen er i teaterverda. 

Teateret spelar hovudrolla

Det Norske Teatret spelar hovudrolla i dette «stykket». Teksten blir framført av Jon Bleiklie Devik, og frå 20. mai kan du høyre han frå fortauet utanfor hovudinngangen presis kl. 20.00. På denne tida skulle Hovudscenen normalt ha summa av forventingsfulle publikummarar, og teaterhuset skulle ha samla folk frå heile landet til ei felles fysisk oppleving. Slik er det ikkje – enno. I røynda er det heilt stille.

Om ein ikkje har høve til å svinge forbi teaterhuset for å få med seg denne teksten, har vi laga ein podkast-versjon som er tilgjengeleg frå fredag 22. mai kl. 20.00.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter