Pressemelding -

«Er Folgefonna i ferd med å smelta?» Ny bok om klimakrisa

Økosystemet me inngår i, er truga. Olav H. Hauge såg dette tidleg, noko forfattar Anne Karin Fonneland byrja skriva om etter å ha vorte uroa over det ho såg; boka har fått tittelen: Olav H. Hauge og trea : Om å sjå naturen – og klimakrisa no! 

Over fjorden skin den mektige Folgefonna. Breen har fått eit grått skin. Ved skiløypa er Folgefonna sokke 55 meter sidan 2008. Under breen er det dalar som kan verta fylte med vatn. At Folgefonna ein gong kan sleppa innsjøar, vil me helst ikkje tenkje på. Men årstidene i Hardanger er blitt annleis; ikkje mykje, men merkbart. Kva er naturleg variasjon og kva skuldast klimaendringar? Klimaforskarar skildrar gradvise økologiske endringar som shifting baselines. Kva som er normalt i naturen, er i endring. Kva språk har me for desse små, konkrete endringane?

I denne boka tek Fonneland lesaren med inn i eit vakkert landskap, for mange kjent som den biletskjønne nasjonalromantikkens tablå: plommer, bløming og turisme. Me får vere med på pleie av epletre og høyre om fellesskap knytt til trea. Trea har sett djupe spor i kultur og arbeidsliv, i handverk, mytar og diktekunst. Dette er ei bok om denne kulturen med sine mangfaldige sjikt av meining og levd liv. Det handlar om personlege minner, sansingar og opplevingar, kombinert med nære lesingar av Olav H. Hauge sine dikt og dagbøker.

Fonneland minner om at Hauge såg tidleg at menneska ikkje berre inngjekk i harmoni med naturen, men skapte kritisk ubalanse over tid. Ho skildrar korleis det å ha eit nært forhold til og omtanke for naturen er blitt noko samansett, av og til plaga. Me ikkje berre ser på naturen, men er sjølv del av den. Historia til Fonneland er tankevekkjande, fengslande og viktig.

«…me speglar oss i naturi. Landskapet, naturi for hennar eigi skuld, ser me ikkje…» Olav H. Hauge

Anne Karin Fonneland (f. 1956) er frå Sunde i Hardanger. I 1996 debuterte ho med diktsamlinga Marmormjølk. Denne og fleire seinare samlingar har alle hausta gode kritikkar. I tillegg til litteratur for born (seinast i 2017), kom ho med debut­romanen Apalgard i 2014, til gode kritikkar.
Direkte kontakt forfatter: 905 54 206 | annek.fo@knett.no

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • sakprosa
  • 2021
  • natur og klima

Efrem forlag gir ut skjønnlitteratur og sakprosa. Ofte utgivelser som belyser menneskets eksistens, iblant dybdene i den kristne erfaringen. Etablert i 2008 og medlem av Den norske forleggerforening. 

For bokhandel: Bøkene distribueres av Sentraldistribusjon. 

Kontakter

Øyvind Lerø

Pressekontakt Forlegger Efrem forlag +4790537800

Relatert innhold