Pressemelding -
Enivest AS vil satse på fiber i Måløy
No får innbyggjarane i Måløy mulegheit til å sikre seg framtidsretta breiband gjennom fiber til heimen.
Enivest har starta ei storstilt satsing på neste generasjon breiband i Sogn og Fjordane. Fiber sikkerstiller framtidsretta digitalt tenestetilbod enten det er snakk om tilgong til høgkapasitet internett, digitalt TV tilbod, IP-telefoni, videokonferanse eller andre framtidsretta tenester over nett, seier Nandor Helgheim, dagleg leiar i Enivest as. Vi gjer prosjektet i lag med vår lokale partner, Sogn og Fjordane Energi, legg han til.
Enivest avslørte for kort tid sidan at neste satsingsområde for fiber er Måløy. Salet har allereie starta, og i omlag ein månad framover kan innbyggjarane i Måløy vente seg besøk på døra eller bli kontakta på telefon av ein representant frå Enivest, som vil informere om Fiber til Heimen (FTH). Dei som ynskjer det kan ta kontakt med Enivest direkte.
Folket avgjer
I utgangspunktet er det området mellom Skramselva og Gottebergselva som er aktuelt for fiberutbygging. Det er eit utfordrande område å bygge ut fiber på, og det er derfor naudsynt med stor nok oppslutning frå folket for at utbygging i området skal bli lønsamt. Enivest har stor tru på at interessa for fiber til heimen er like stor i Måløy som i områder elles i fylket, der ein oppslutning på opp til 70 % er det mest vanlege. Enivest har tidlegare bygd ut fiber i Førde, Florø og Stryn, i tillegg er områder i Nordfjordeid og Sandane under utbygging eller i vurderingsfasen.
Pådrivar
Sogn og Fjordane er framleis sinka i klassen. Det skal Enivest gjere noko med. – Fylket vårt ligg på sisteplass i landet på statistikken over kundar som kan få tilgang til breiband over 25 Mbps. Vi skal vere ein viktig pådrivar for å sikre framtidas infrastruktur til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Vi ser det som ein fordel å vere ein lokal leverandør, med kjennskap til fylket og behova her, seier Arild Fleten, Enivest AS sin prosjektleiar for FTH.
Kontaktpersonar i Enivest AS:
Nandor Helgheim, Dagleg leiar, mobil 970 54 370 Arild Fleten, Produktansvarleg fiber, mobil 970 54 376
Kontaktperson i LocalHost AS:
Sindre Kvalheim, Adm Dir., mobil 974 01 400
Fakta: Fiber: Ein fiberoptisk kabel formidlar lyssignal i staden for straumpulsar, noko som gjev enorm fart og kapasitet samanlikna med tradisjonelle kablar for telefon- og kabelfjernsyn. Driftssikkerheita er også mykje betre. Fiber er framtidas motorveg for informasjon.
Fiber Frå Enivest:
Med Enivest Fiber er du budd for framtida, og nye tenester som krevjar høgare kapasitet, med superraskt internett på 10, 25 eller 50 Mbps – begge vegar. Ver på nett døgnet rundt, og opplev ei heilt ny røynd når du lastar opp store filer. Etter kvart som flyten av informasjon på internett aukar, blir opplasting av filer desto viktigare. Fiber erstattar parabol- eller UHF-antenner, og gjev sylskarpe bilete og fantastisk lyd. Enivest har avtale med Get om levering av digitalt fjernsyn via fiber, med leige av film via fjernkontroll. Med fiber får du også tilgang til breibandstelefoni, skreddarsydd etter dine behov.
Emner
- Data, telekom, IT
Kategorier
- breiband
- måløy
- fiber
- fiberoptikk
- enivest