Pressemelding -
Korleis er påska for expats som bur i Norge?
Når heile Noreg reiser på hytta i påska, blir mange expats sitjande att i tomme byar. No inviterer tech-gründeren Kyle, frå California, til ei alternativ påske i fjella på Voss, og startar samstundes eit nytt internasjonalt fellesskap gjennom Arctic Coliving.
Ordet påske gir dei fleste ei varm kjensle og sterke bilete av hyttekos, appelsin i solveggen og tid saman med familie. Men for andre er påske noko heilt anna: ein tom by, inga hytte og ingen stad å dra.
I vakuumet av eit godt alternativ, vil Kyle McClenahan frå California, forsøka å byggja eit fellesskap i fjella på Voss.
Kyle er ein av dei som opplevde at det vart for langt å reisa heim i dei korte feriane, som påska. Samstundes kjende han på eit sterkt ynske om å ta del i dei norske påsketradisjonane og om å skapa ein inkluderande stad der fleire i same situasjon kunne få same moglegheit.
No bles han liv i ungdomsherberge på Mjølfjell, Voss, og skipar "Påskeferie for expats", gjennom selskapet sitt Arctic Coliving.
"From lived experience, I feel strongly about using Arctic Coliving as a platform to connect people. Connections during Easter is an essential part of Norwegian culture that is not accessible to everyone. We want to make an authentic Easter available for everybody." – Kyle McClenahan
Konseptet harmonerer godt med historia til Voss Mountain Lodge på Mjølfjell. Herberget vart opphavleg bygd som eit fredsprosjekt i 1939, av studentar frå 20 ulike nasjonar. At det no igjen vert samla menneske frå heile verda her med eit ynske om å byggja fysiske og meiningsfulle fellesskap – gir staden ei ny og aktuell betydning, seier Crister Aalberg Næss leiar i Visit Voss.
Meir om Arctic Coliving:
Arctic Coliving er ein møteplass for menneske som ønskjer å kombinera arbeid, naturopplevingar og sosialt fellesskap. Konseptet legg til rette for lengre opphald der ein kan arbeida frå godt tilrettelagde arbeidsstasjonar med stabilt og sterkt internett på dagtid - og dela måltid, turar og aktivitetar på ettermiddag og kveld. Målet er å skapa ei fysisk plattform for samarbeid og nye relasjonar, på tvers av land og fagmiljø.
Her står fjella, naturen og fellesskapet i sentrum. Det handlar om opplevingar i den verkelege verda – om å møtast ansikt til ansikt og finna rom for refleksjon utanfor skjermen.
Related links
Emner
Kategorier
Fjord Norge AS (Fjord Norway) er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene, og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet (Fjord Norge-regionen) innenfor ferie- og fritidssegmentet i norsk reiseliv.
Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet. Mer bilde- og video finnes i vår Image Shop.