Gå videre til innhold
Tom Cruise gjorde kanskje sitt livs stunt på Helsetkopen @Paramount Pictures
Tom Cruise gjorde kanskje sitt livs stunt på Helsetkopen @Paramount Pictures

Pressemelding -

Mission Møre og Romsdal

12. juli har Mission: Impossible – Dead Reckoning premiere på kinoar verda over. Ein film der Tom Cruise sjølv gjennomfører eitt av dei største stunta i filmhistorien. I tillegg har fleire storfilmar og seriar som James Bond, Succession og Marvel-filmen Black Widow vorte spelt inn Møre og Romsdal. Dette gir pengar både i kommunen og handelstanden sine kasser i tillegg til marknadseffekten og inntekter til reiselivsnæringa.

Stor verdiskaping lokalt
Under innspelinga på Hellesylt og Rauma, vart det rapportert at den lokale handelsstanden hadde stor omsetningsvekst, og at det vart lagt igjen fleire titals millionar kroner lokalt til leverandørar av alt frå mat til transport. Vestnorsk Film har estimert at filminnspelingane siste åra har lagt igjen over 200 millionar kroner i fylket.

- Mange av innspelingane har føregått på haust og vår når det er meir ledig kapasitet hos reiselivsbedriftene. Dette gjer at til dømes hotella kan ha fleire tilsette gjennom heile året, og får inntekter også i periodar der dei normalt sett har færre gjestar. Dette gir også auka skatteinntekter til kommunane. Vi kan også slå fast at storproduksjonar som James Bond, MI7, Black Widow og Succession bidreg til auka interesse for regionen vår, seier Tom Anker Skrede, reiselivssjef for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, og ønsker fleire filminnspelingar velkomne til filmfylket Møre og Romsdal.

I fotspora til kjende skodespelarar
Internasjonal presse har kasta seg over Noreg i samband med innspelingane, og omgrepet set-jetting brer om seg. Fleire og fleire ønsker å besøke innspelingsstadar i favorittfilmane sine. Dette har også turoperatørar lagt merke til.

- Det at fjordane vert brukt som kulisser seier jo litt om kor spektakulært dette naturlandskapet er. Elles hadde det ikkje blitt plukka ut i produksjonar som dette. Og vi opplever at mange får augene opp for Fjord Norge på grunn av filmer som Mission Impossible, fortel Anne van Oorschot, eigar og turskreddar i Norway Adventures.

Bedrifta, som for det meste jobbar med skreddarsydde opplevingar på Vestlandet, byrja å produsere eigne filminspirerte turar i takt med at landskapet dukka opp i dei store og anerkjende filmane og seriane. Ved å bruka den lokale kunnskapen sin, er målet å laga reiser der folk kan oppleve aktivitetar i desse filmkulissene utan at dei treng å tenkja på organisering og praktiske ting ved reisa.

- Her kan du vandre i fotspora til Tom Cruise eller dei andre store skodespelarane i filmane og seriane. Me har god lokal kunnskap, og kjenner historiene frå då skodespelarane var her under innspelingane. På den måten kan vi lage reiser som gjer at gjestene nesten får ei kjensle av å vera i filmen, fortel van Oorschot vidare.

Lita bygd fekk stor merksemd
Dei store filminnspelingane har gjort at enkelte stadar har fått uvant stor merksemd. Det har skapt både stoltheit og moglegheiter for lokalbefolkning og lokalt næringsliv.

- Mission: Impossible 7 har sett Hellesylt meir på kartet. Vi får fleire forespurnader om aktivitetar, og vi kan no tilby endå fleire opplevingar takka vere merksemda som filminnspelinga har gitt. Gjestar som har høyrt om staden og vil oppleva aktivitetar her, seier Helge Karbø hos 62 Nord Adventures, som tilbyr sykkelturar og fjellturar til Helsetkopen – fjellet der Tom Cruise sette utfor på motorsykkel.

    Fleire storfilmar og seriar vel Nordvestlandet
    Det er ikkje berre nykomaren MI7 som har teke i bruk Møre og Romsdal som kulissar dei siste åra. Filmar som James Bond – No Time to Die, Black Widow med Scarlett Johansson i hovudrolla, er nokre eksempel. Her er nokre fleire:

    • MISSION: IMPOSSIBLE 7: Rauma og Hellesylt
    • NO TIME TO DIE — JAMES BOND: Atlanterhavsvegen
    • BLACK WIDOW: Sæbø, Hellesylt og Trollstigen
    • EX MACHINA: Juvet Landskapshotell og Valldal
    • BØRNING 3: Åndalsnes og Trollstigen
    • BØLGEN: Geiranger
    • HARRY POTTER OG HALVBLODSPRINSEN: Raumabanen
    • SNØMANNEN: Atlanterhavsvegen
    • SUCCESSION: Rauma - Romsdalsgondolen, Juvet - Valldal, Atlanterhavsvegen
    • THE HANGING SUN Herøy og andre stadar på Sunnmøre
    • TROLL – Rauma, Flø i Ulstein
    • MORE THAN EVER: Sæbø, Trandal og Hjørundfjorden
    • THE DANISH GIRL: Haramsøy

      Andre produksjonar:
    • Kompani Lauritzen
    • Furia
    • 71 grader nord

    For ytterlegare kommentarar ta kontakt med:

    Tom Anker Skrede
    Reiselivssjef
    Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
    909 87 698 tom.skrede@visitalesund.com

    Helen Siverstøl
    Pressekontakt
    Destinasjon Ålesund & Sunnmøre /Visit Nordvest
    93034027 helen@visitalesund.com

    Torunn Dyrkorn
    Reiselivssjef Visit Nordvest
    90969773 torunn@visitnorthwest.no

    Related links

    Emner

    Kategorier


    Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er destinasjonsselskapet for Sunnmøre, og omfattar 13 kommunar og i overkant av 200 medlemsbedrifter.
    Visit Nordvest er destinasjonsselskapet for Nordmøre og Romsdal og omfattar 11 kommunar og 180 bedrifter.
    Destinasjonsselskapa er fellesorgana for reiselivsnæringa i fylket, og jobber med nasjonal og internasjonal marknadsføring av regionen.
    Fjord Norge AS
    er landsdelsselskapet for dei tre Vestlandsfylka og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovudansvaret for den internasjonale marknadsføringa av Vestlandet innan ferie- og fritidssegmentet.


    Kontakter

    Helen Siverstøl - Destinasjon Ålesund & Sunnmøre / Destination Ålesund & Sunnmøre

    Helen Siverstøl - Destinasjon Ålesund & Sunnmøre / Destination Ålesund & Sunnmøre

    Pressekontakt PR-relations and Project manager +47 93034027 visitalesund

    Relatert innhold

    Det offisielle landsdelsselskapet for Vestlandet

    Fjord Norge AS (Fjord Norway) er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene, og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet (Fjord Norge-regionen) innenfor ferie- og fritidssegmentet i norsk reiseliv. Fjord Norge AS skal gjennom målrettet internasjonal markedsføring, presse- og pr-arbeid og markedsbearbeidelse bidra til økt turisttrafikk, helsårsturisme og økt lønnsomhet for reiselivet i landsdelen.

    Fjord Norges visjon er "Å VISE VERDEN FJORDENE" ved å være det mest profesjonelle og slagkraftige regionale destinasjonsselskapet i Europa. Selskapet skal posisjonere Fjord Norge regionen som verdens mest attraktive destinasjon for natur- og opplevelsesferier.

    Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, samt de fire fylkeskommunene på Vestlandet.

    Fjord Norge AS
    Nordre Nøstekaien 1
    5011 Bergen
    Norge
    Besøk våre andre nyhetsrom