Pressemelding -
– Noko av det viktigaste og luraste me har gjort
Etter nokre krevjande år for reiselivet, har Hotel Ullensvang no sikra arbeidsplassar og drift heile året. Dei opplever stor suksess med satsinga deira på arrangementsturisme.
– Me opplever ein stor pågang av turistar, men også aktørar som ynskjer å bruka hotellet til arrangementa sine. Dette er noko av det viktigaste og luraste me har gjort dei siste åra, seier Christine Remøy, sals- og marknadsdirektør for Hotel Ullensvang.
Skapar aktivitet og sikrar arbeidsplassar
At Hardanger er ein populær og godt besøkt destinasjon om sommaren, er det liten tvil om. Utfordringa for reiselivet er «skuldersesongane» med langt færre turistar. Denne trenden er no i ferd med å snu, skal me tru Remøy. Etter nokre krevjande år med COVID og vinterstengte dører, måtte dei ta grep for å auka aktiviteten. Ho og kollegane på det tradisjonsrike Hardanger-hotellet valde å satsa på arrangementsturisme heile året. Det angrar dei ikkje på i dag. No kan hjørnesteinsbedrifta på Lofthus nemleg sjå tilbake på fleire suksessrike arrangement som har lokka turistar og fylt opp romma i bygda på vinterstid.
– For at turistane skal besøka oss, må me ha eit produkt som er attraktivt året rundt. Det har me no. Utan dette på plass, hadde det ikkje vore mogleg å sikra såpass mange heilårs-arbeidsplassar for våre tilsette.
Men det er ikkje berre Hotel Ullensvang som opplever gode besøkstal om vinteren. Også andre reiselivsaktørar haustar fruktene av satsinga på arrangementsturisme, opplyser Visit Hardangerfjord i ei pressemelding.
Samarbeid har dobla salstala
Samarbeid med lokale bedrifter har vore veldig viktig for satsinga. Det å sitja seg ned og saman skapa aktivitet for kvarandre har vore eit fokusområde for Remøy og dei nye eigarane av hotellet. Hardanger Vinterfestival, som går av stabelen 09. – 12. februar, er eit godt døme på dette. I tillegg pokerturneringa, som er høgdepunktet i helga, vert det mogleg å ta del i guida aktivitetar med Trolltunga Active og Trolltunga Adventures. Opplevingar som RIB-tur, sidersmaking og SUP på Hardangerfjorden, og det berre for å nemna noko, er også med på å krydra festivalen til Hotel Ullensvang.
– Aktivitet avlar aktivitet. Dette er viktig for heile lokalsamfunnet. Aktørane byggjer kvarandre gode, og for oss som kommune er det veldig triveleg at slikt skjer, skryt ordførar Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang Kommune.
Ser ein på salstala, er dette eit populært tilbod for turistane. Festivalen kan nemleg skilta med ei dobling i antall deltakarar samanlikna med 2022-utgåva. Til helga ventar Hotel Ullensvang rundt 250 menneske som vil ta del i Hardanger Vinterfestival.

Fleire arrangement i vente
Seinare i vinter er det mellom anna planlagt Hardanger Open – ei internasjonal handbak-turnering. Også då ventar hotellet storinnrykk. Ordførar Aga Haug skryt av engasjementet og kreativiteten til Remøy og kollegane. Ifylgje han er dette viktig for reiselivet i Ullensvang og Hardanger.
– Heile lokalsamfunnet drar nytte av at Hotel Ullensvang satsar på aktivitetar gjennom heile året. Dei skapar liv i kommunen i ei tid det tradisjonelt sett er rolegare, samstundes som dei sikrar arbeidsplassar. Dette er utruleg bra.

Fakta om Hotel Ullensvang:
- Hardanger Vinterfestival går av stabelen 09. – 12. februar på Hotel Ullensvang. Det er hotellet som arrangerer festivalen, og dei samarbeider med fleire lokale aktørar som Trolltunga Active, Trolltunga Adventures, Hardangerfjord Active og andre verksemder på og rundt Lofthus.
- Hotel Ullensvang har vore ein stor og viktig aktør for reiselivet i Hardanger sidan opninga i 1846.
- Hotel Ullensvang blei i 2021 kjøpt av H.I.G. Capital saman med Hamilton Hotel Partners
Kontaktpersonar:
Christine Remøy – Hotel Ullensvang - 922 41 351
Andreas Skogseth – Visit Hardangerfjord - 926 64 894
Emner
Kategorier
Regions
Fjord Norge AS er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene og offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet inne for ferie- og fritidssegmentet.
Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet.
Mer bilde- og video substantiv finnes siden .