Gå videre til innhold
Aktivitetar heile året - vinterkajakk ved Hellesylt - Foto: Fjord Norway/fjordnorway.com
Aktivitetar heile året - vinterkajakk ved Hellesylt - Foto: Fjord Norway/fjordnorway.com

Pressemelding -

Ny storsatsing på reiselivsopplevingar i Møre og Romsdal

I desse dagar startar reiselivsnæringa i Møre og Romsdal opp arbeidet med ei storsatsing på aktive natur- og kulturopplevingar –såkalla adventureturisme.

Ei heilt fersk analyse utført av Menon Economics på oppdrag frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Visit Nordvest og Møre og Romsdal Fylkeskommune, viser at det ligg eit stort potensiale i å kunne tilby opplevingar gjennom heile året. Opplevingsbransjen bidrar til stor verdiskaping og er også ei av dei enkeltbransjane innan reiseliv med størst vekst. Målet for prosjektet er nettopp at deltakarane skal utvikle fleire gode heilårsopplevingar og turkonsept. Ein annan sentral del av prosjektet blir å vidareutvikle og kommunisere merkevara for adventureturisme i fylket. Prosjektsamarbeidet er initiert av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Visit Nordvest med støtte frå bl.a. Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Høg betalingsvilje
- «Gjestar som søker kulturelle og aktive opplevingar, har ofte høg betalingsvilje, dei vert gjerne fleire dagar på same stad, og reiser heile året. Nettopp difor ønsker vi å nå ut til denne målgruppa, og det har vi også gode føresetnader for. Innanfor ein liten radius kan vi tilby variert natur i kombinasjon med levande bygder og byar med rike kulturtilbod. At vi har fire tydeleg definerte årstider, er også attraktivt for stadig fleire», seier Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

- «Saman skal vi tenke nytt og utfordre kvarandre til å verte betre, og vi skal løfte Møre og Romsdal opp til å bli Europas fremste reisemål for kultur- og naturbaserte opplevingar. Det er også viktig at vi bygger ein tydeleg profil for fylket som opplevingsdestinasjon for å få auka merksemd i dei rette målgruppene for adventureturisme. Dette kan også bidra til å differensiere oss frå konkurrentane våre», seier Torunn Dyrkorn, reiselivssjef i Visit Nordvest.

Kultur- og reiselivsnæringa applauderer prosjektet
- «Då eg starta Uteguiden i 2009, fokuserte vi i hovudsak på skiturisme, men siste åra har vi opplevd stor etterspurnad etter fleire typar aktivitetar, og no har vi faktisk størst auke i omsetnad på den tida av året som vi før rekna som lågsesong. Vi ser fram til å bidra med våre erfaringar inn i prosjektet», seier Oscar Almgren, grunnleggar og dagleg leiar av Uteguiden.

- «Vi på Hotel Aak ønsker å vere ein del av prosjektet for å bidra til at regionen får fleire gjester i alle sesongar. Jamt belegg kan gi fleire heilårstilsette. Med ein større fast stab, kan vi kan bruke meir tid på utvikling», seier Kristine Rønning, vertinne på Hotel Aak på Åndalsnes.

- «Eg har stor tru på at vi har mykje å bidra med inn i ei slik satsing. Musea vil kunne bygge opp under opplevinga dei besøkande har med formidling av kultur- og naturarv», seier Eigunn Stav Sætre, direktør Nordmørsmusea.

Om destinasjonsselskapa i Møre og Romsdal
Destinasjonsselskapa er fellesorgana for reiselivsnæringa i fylket, og jobbar med nasjonal og internasjonal marknadsføring av regionen.
Visit Nordvest er destinasjonsselskapet for Nordmøre og Romsdal og omfattar 11 kommunar og 180 bedrifter.
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er destinasjonsselskapet for Sunnmøre, og omfattar 13 kommunar og i overkant av 200 medlemsbedrifter.

Kontaktinformasjon

Visit Nordvest
Torunn Dyrkorn
Reiselivssjef
Telefon: 90 96 97 73
E-post: torunn@visitnorthwest.no
www.visitnorthwest.no

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
Tom Anker Skrede
Reiselivssjef
Telefon: 90 98 76 98
E-post: tom.skrede@visitalesund.com
www.visitalesund.com

Emner

Kategorier

Regions


Om destinasjonsselskapa i Møre og Romsdal
Destinasjonsselskapa er fellesorgana for reiselivsnæringa i fylket, og jobbar med nasjonal og internasjonal marknadsføring av regionen.
Visit Nordvest er destinasjonsselskapet for Nordmøre og Romsdal og omfattar 11 kommunar og 180 bedrifter.
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er destinasjonsselskapet for Sunnmøre, og omfattar 13 kommunar og i overkant av 200 medlemsbedrifter.
***************************************************************************************************************************

Fjord Norge AS er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet for ferie- og fritidssegmentet.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet.

Mer bilde- og video materiell finnes på denne siden .

Kontakter

  • Tom Anker Skrede
    Tom Anker Skrede
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1125 x 2436, 397 KB
    Last ned
  • Vinterkajakk Hellesylt Foto Fjordnorway.com
    Vinterkajakk Hellesylt Foto Fjordnorway.com
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5472 x 3648, 9.18 MB
    Last ned
  • Pressebilde stående Torunn Dyrkorn - Foto Eline Karlsdatter Fladseth - Visit Nordvest
    Pressebilde stående Torunn Dyrkorn - Foto Eline Karlsdatter Fladseth - Visit Nordvest
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2848 x 3797, 5.12 MB
    Last ned

Relatert innhold