Gå videre til innhold
Værlandet og Bulandet
Værlandet og Bulandet

Pressemelding -

Verdas auge retta mot Vestlandet – Fjordkysten Regional- og Geopark er blitt UNESCO Global Geopark

Fjordkysten Regional- og Geopark har fått status som UNESCO Global Geopark: – Ei storhending som markerer ein historisk milepæl for regionen og for geofagleg verdsarv i Norge.

Fjordkysten Regional- og Geopark er no offisielt godkjent som ein UNESCO Global Geopark – ei utmerking som markerer både internasjonal geologisk betydning og ein særs sterk lokal forankring.

Fjordkystparken er Norges første kombinerte Regional- og Geopark, og blir omtalt som ein av dei beste stadene i verda for å studere ei fjellkjedes vekst og fall. Her finn ein tydelege spor etter den kaledonske fjellkjeda, som vart danna for meir enn 400 millioner år sidan.

Fjordkystparken handlar om meir enn geologi. Med meir enn 85 partnarar frå kommunar, næringsliv, frivillige organisasjonar og privatpersonar, er samarbeid eit av dei viktigaste måla. Parken fungere som ein samarbeidsplattform på tvers av ideelle og kommersielle interesser, og jobbar med tema som bygningsvern, landskap, besøksforvaltning og formidling. Dei har og eit eige barne- og ungdomsprogram.

Her ute, heilt vest i Noreg, bur folk som kombinerer tradisjon med innovasjon, driv med mangesysleri og som forstår verdien av samarbeid og tolmod. Parken er eit nedanfrå og opp- initiativ, med fokus på ivaretaking og utvikling av regionen sine natur-og kulturressursar, på lokalbefolkninga sine eigne premissar. Området byr på eit rikt mangfald av opplevingar tufta på både natur og kultur.

UNESCO-statusen stadfestar at vi har geologi i verdsklasse, men vi hadde aldri fått han utan det sterke samarbeidet vi har, seier Trude Søilen, dagleg leiar i Fjordkystparken.

Kva gjer Fjordkystparken unik?

Spektakulær geologi: Spora etter den kaledonske fjellkjeda er tydelege i landskapet.

Kystkultur og levande bygder: Området har ei sterk kulturarv knytt til fiskarbonden, industrihistorie, vikinghistorie, forteljarkunst og mangesysleri.

Unikt samarbeid: Parken er eit grasrotinitiativ som er bygd på samspel mellom lokalsamfunn, fagmiljø og styresmakter.

Opplevingar heile året: Her kan du vandre i urørt natur, utforske øyar og fyr, og ta del i formidlinga av ein heilt unik stad.

Fjordkysten Regional- og Geopark ligg i destinasjonen Visit FjordKysten og Sunnfjord, like nord for Bergen. Her er avstandane korte mellom dei store opplevingane.

- UNESCO statusen er svært verdifull for heile regionen. Den set fokus på ein naturarv i verdsklasse, som motiverer til å ta vare på natur- og kulturarven vår. Ein UNESCO status baner også veg for større synlegheit for alle dei spanande natur- og kulturopplevingane som vi har å by på, seier Marita Solheim - dagleg leiar i Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Difor bør du reise hit

  • Villsausafari: Kom tett på dei tradisjonelle utegangarsauene og sjå korleis dei skapar eit levande landskap på ein guida villsausafari
  • Fordjup deg i ekte vestlandsk kultur og smakar – frå kvernsteinsbrot i Hyllestad, via poesien hos Jakob Sande, til smaksopplevingar hos Leonards Forlaavelse - her får du ei reise gjennom natur, kultur og mat i verdsklasse.
  • Øyhopping med postbåten: Opplev øylivet på ekte vis – med same båten som fraktar folk, sauer, varer og historier mellom øyane.
  • Fyrsafari til Utvær: Bli med ut til Noregs vestlegaste punkt – eit kulturhistorisk fyr ytterst i havgapet.
  • Fjellturar: Bestig legendariske fjell som Alden (Den Norske hest), Lihesten og Storehesten – med spektakulær utsikt og tradisjonsrike forteljingar.

Dette er meir enn ein Regional- og Geopark – det er ein levande kultur- og naturskatt, der både landskapet og folka fortel historia.

Fjordkysten Regional- og Geopark, ein UNESCO global geopark blir den femte norske UNESCO global geoparken i Norge, og den tredje i Fjord Norge-regionen. Frå før finst Magma Unesco Global Geopark og Sunnhordland Unesco Global Geopark. Les meir her https://www.ngu.no/geologiske-ressurser/unesco-globale-geoparker-og-verdensarv.

Besøk Fjordkysten Regional- og Geopark, ein Unesco Global Geopark si heimeside her.

Related links

Emner

Kategorier


Fjord Norge AS (Fjord Norway) er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene, og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet (Fjord Norge-regionen) innenfor ferie- og fritidssegmentet i norsk reiseliv.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet. Mer bilde- og video finnes i vår Image Shop.

Kontakter

  • Leonardsforlaavelse - Stemning-2.jpg
    Leonardsforlaavelse - Stemning-2.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5472 x 3648, 854 KB
    Last ned
  • DJI_0123.jpg
    DJI_0123.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5000 x 3331, 8.08 MB
    Last ned
  • Lihesten.jpg
    Lihesten.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    The Fjord Coast and Sunnfjord
    Størrelse:
    5000 x 3333, 8.25 MB
    Last ned
  • Lihesten.jpg
    Lihesten.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    The Fjord Coast and Sunnfjord
    Størrelse:
    3333 x 5000, 19.8 MB
    Last ned
  • Lihesten.jpg
    Lihesten.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    The Fjord Coast and Sunnfjord
    Størrelse:
    5000 x 3750, 20.2 MB
    Last ned
  • Wild Sheep Safari.jpg
    Wild Sheep Safari.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    The Fjord Coast and Sunnfjord
    Størrelse:
    5463 x 3737, 10.9 MB
    Last ned
  • Wild Sheep Safari.jpg
    Wild Sheep Safari.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    The Fjord Coast and Sunnfjord
    Størrelse:
    5315 x 3543, 7.12 MB
    Last ned
  • Wil Sheep Safari.jpg
    Wil Sheep Safari.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    The Fjord Coast and Sunnfjord
    Størrelse:
    3333 x 5000, 9.37 MB
    Last ned
  • Wild Sheep Safari.jpg
    Wild Sheep Safari.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    The Fjord Coast and Sunnfjord
    Størrelse:
    3289 x 4933, 8.29 MB
    Last ned
  • Alden.jpg
    Alden.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Visit Fjordkysten og Sunnfjord
    Størrelse:
    1750 x 1167, 1.1 MB
    Last ned
  • Solund.jpg
    Solund.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Visit Fjordkysten og Sunnfjord
    Størrelse:
    8064 x 6048, 20 MB
    Last ned
  • Solund.jpg
    Solund.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Visit Fjordkysten og Sunnfjord
    Størrelse:
    8064 x 6048, 17.2 MB
    Last ned
  • Solund.jpg
    Solund.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Visit Fjordkysten og Sunnfjord
    Størrelse:
    5848 x 3899, 10.1 MB
    Last ned
  • Kvernsteinsparken.jpg
    Kvernsteinsparken.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Visit Fjordkysten og Sunnfjord
    Størrelse:
    5472 x 3648, 1.71 MB
    Last ned
  • Kvernsteinsparken.jpg
    Kvernsteinsparken.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Visit Fjordkysten og Sunnfjord
    Størrelse:
    5472 x 3648, 1.32 MB
    Last ned
  • Værlandet og Bulandet.jpg
    Værlandet og Bulandet.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Visit Fjordkysten og Sunnfjord
    Størrelse:
    1920 x 1080, 877 KB
    Last ned
  • biletekollage.jpg
    biletekollage.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Visit Fjordkysten og Sunnfjord
    Størrelse:
    1920 x 1080, 988 KB
    Last ned

Relatert innhold

  • Både politikere og lokalt næringsliv jubler over ny rundtur mellom Ålesund, Geiranger og Åndalsnes. Med kollektivtransport og elbusser skal reise i det vakre fjordområdet bli mer tilgjengelig og miljøvennlig. Foto: Paul Edmundson/Fjord Norge.

    Jubler over ny UNESCO-rundtur i Møre & Romsdal

    Lokalt næringsliv og politikere jubler over ny rundtur mellom Ålesund, Geiranger og Åndalsnes. Med kollektivtransport og elektriske busser blir en rundtur i et av Norges vakreste fjordlandskap mer tilgjengelig og miljøvennlig.