Gå videre til innhold
Champion Gull - endå betre tilpassa aktive hestar!

Nyhet -

Champion Gull - endå betre tilpassa aktive hestar!

Champion Gull var for 20 år sidan den første kraftfôrblandinga Felleskjøpet hadde der ein del av råvarene ikkje var malt eller knust.

Tekst: Ådne Undheim | Bilde: Felleskjøpet

Müslifôr

Råvarer som bygg, mais og grøne erter går gjennom ein prosess som kallast mikronisering. Det vil seie at fôret vert fukta før det går på samleband gjennom ein varm omn. Medan råvarene framleis er varme vert dei valsa til flak. Forsøk har synt at denne skånsame varmebehandlinga gjev best opptak av næringsstoff. Mikronisert fôr vert teke opp lenger framme i fordøyingssystemet enn fôr som har vore gjennom anna type varmebehandling, noko som gjev mindre sannsyn for bakteriell nedbryting med gassproduksjon og dermed kolikk.


Høgare fiber, lågare stivelse

Fiberinnhaldet (NDF) er auka frå 18% til 21% og stivelsesinnhaldet er senka frå 38% til 27% i den nye samansetninga av Champion Gull. I tillegg har feittinnhaldet auka frå 4% -6%. Endringane gjev eit fôr som er endå betre tilpassa konkurransehestar som treng mykje energi til trening og konkurranse. Champion Ekstrem har endå lågare stivelse og meir feitt.


Urter og ny aroma

Champion Gull er i utgangspunktet tiltalande på smak, og er føretrekt av mange matleie hestar. No har fôret fått ny aroma, og skal lukte og smake av oregano. Det er gjort forsøk som har synt at oregano har bidrege til å stabilisera hesten sin mikroflora. Oregano er frå før brukt mellom anna i fôra Champion Diamant og Champion Spenst.

Vitamin og mineral

Champion Gull er eit fôr i Champions blå serie, og er tilsett vitamin og mineral som dekker behovet til hesten når det vert gjeve i tilrådde mengder. Alle Champion-fôra i blå serie vert årleg oppdaterte og justert ut frå mineralinnhaldet i norsk grovfôr, og ut frå den nyaste kunnskapen om behovet til hesten. Fôret gjev best mogleg dekning av hesten sitt mineralbehov.

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

  • 1_uke40_lansering_champion_gull_artikkel_ny.jpg
    1_uke40_lansering_champion_gull_artikkel_ny.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1188 x 950, 365 KB
    Last ned
  • logo_bondekompaniet
    logo_bondekompaniet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2560 x 1440, 368 KB
    Last ned