Endeleg kan vi arrangere fullskala festival igjen!
Førdefestivalen i år har 71 arrangement fordelte på 30 arenaer. Det kjem artistar frå over 20 land, og 12 av dei har Norges-premiere. Dei har aldri vore her før, og det er ikkje slik at dei reiser vidare til nabobyen for å spele på ein annan festival der. — Førdefestivalen er eit glitrande høve til å få med seg musikk du kanskje ikkje kjenner så godt frå før, eller ikkje høyrer på til vanleg.