Informasjonen på disse sidene er beregnet for journalister, presse og media. Klikk JA for å komme til nyhetsrommet. Hvis du klikker NEI vil du komme tilbake til mynewsdesk.com
HEIME blir tema på Førdefestivalen 7.-11. juli 2021. -For Førdefestivalen er det ei drivkraft å få hjula i gang igjen, og festivalen til sommaren vil vere eit første steg i retning av å komme tilbake til normalen, seier direktør Per Idar Almås. I dag slepper han dei første fem artistane. Resten av artistane vert sleppte 25. mars - og då opnar også billettsalet til årets festival.
Førdefestivalen slepper temaet og dei første artistane for Førdefestivalen 2020. Den 31. utgåva av festivalen går av stabelen 1.-5. juli i 2020. - Kanskje vil årets tema utfordre nokre normer, opne nokre auge og bringe fram nye tonar. Eg håpar det!, seier fungerande festivaldirektør for Førdefestivalen, Sølvi Lien.
Førdefestivalen gjekk ut og spurde publikum kva artistar dei ønsker å høyre att. Svara som kom inn, gjev rom for ettertanke.
I serien MØT ARTISTEN SPESIAL reiser vi heim til eit utval artistar for å bli betre kjende med dei, før dei kjem heim til oss og speler på Førdefestivalen. Førdefestivalen sin satellitt ute i folkemusikkverda heiter BlackStarJournal og består av ekteparet Heidi Hattestein og David Bowen. Dei reiser rundt i ein Volkswagen Caravelle som dei har bygd om sjølve, i lag med hunden Vita.
Førdefestivalen er ein av 24 festivalar som er nominerte til Festivals for Europes EFFE Awards for 2019-2020. Prisen vert delt ut annankvart år til festivalar med høg kunstnarleg kvalitet som er med å utvikle lokale og regionale kunst- og kultursamarbeid. Vinnarane skal presenterast under seremonien EFFE AWARDS i Brüssel 26. september 2019.
Under den 28. Førdefestivalen stod den nordiske musikken i fokus. Klangen av Norden var temaet, med undertittel - og lyden av verda! Med opningskonserten Nordic Sound Folk Orchestra gjennomførte festivalen sitt største kunstnariske prosjekt nokon gong: 40 av Nordens leiande folkemusikarar, komponistar og solistar framførte nyskriven musikk - og gav publikum ei oppleving dei seint vil gløyme.
Den 28. Førdefestivalen hadde Klangen av Norden var temaet, med undertittel - og lyden av verda! Opningskonserten Nordic Sound Folk Orchestra er festivalen sitt største kunstnariske prosjekt nokon gong: 40 av Nordens leiande folkemusikarar, komponistar og solistar framførte nyskriven musikk - og gav publikum ei oppleving dei seint gløymer.
Førdefestivalen er kåra til ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017. Prisen vert delt ut av FolkOrg til ein arrangør som har evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken gjennom gode arrangement, og vart overrekt på bransjetreffet FOLKELARM i Oslo.
Når du velger å følge et nyhetsrom og opprette en brukerkonto vil dine personopplysninger bli benyttet av oss og av nyhetsrommets eier for å sende deg nyheter og oppdateringer i henhold til dine varslingsinnstillinger.
For mer informasjon, les vår Personvernerklæring for Brukere, som gjelder for vår bruk av dine personopplysninger, og vår Personvernerklæring for Contacts, som gjelder for nyhetsrommets eiers bruk av dine personopplysninger.
Vær oppmerksom på at våre Brukervilkår gjelder for all bruk av våre tjenester.
Du kan trekke tilbake ditt samtykke når som helst ved å melde deg ut eller slette din konto.
E-post sendt til __email__. Klikk på lenken i e-posten for å følge Førdefestivalen.