Informasjonen på disse sidene er beregnet for journalister, presse og media. Klikk JA for å komme til nyhetsrommet. Hvis du klikker NEI vil du komme tilbake til mynewsdesk.com
Førdefestivalen 2021 går av stabelen om knappe tre månader, 7.-11. juli, og no er heile programmet klart. Temaet for årets festival er HEIME. Alle musikarane på festivalen er busette i Norge, men programmet er internasjonalt som alltid, med musikk frå 24 land. Den store skilnaden er at festivalen i år vil ha svært redusert publikumskapasitet på grunn av koronarestriksjonar.
HEIME blir tema på Førdefestivalen 7.-11. juli 2021. -For Førdefestivalen er det ei drivkraft å få hjula i gang igjen, og festivalen til sommaren vil vere eit første steg i retning av å komme tilbake til normalen, seier direktør Per Idar Almås. I dag slepper han dei første fem artistane. Resten av artistane vert sleppte 25. mars - og då opnar også billettsalet til årets festival.
Førdefestivalen slepper temaet og dei første artistane for Førdefestivalen 2020. Den 31. utgåva av festivalen går av stabelen 1.-5. juli i 2020. - Kanskje vil årets tema utfordre nokre normer, opne nokre auge og bringe fram nye tonar. Eg håpar det!, seier fungerande festivaldirektør for Førdefestivalen, Sølvi Lien.
Førdefestivalen gjekk ut og spurde publikum kva artistar dei ønsker å høyre att. Svara som kom inn, gjev rom for ettertanke.
I serien MØT ARTISTEN SPESIAL reiser vi heim til eit utval artistar for å bli betre kjende med dei, før dei kjem heim til oss og speler på Førdefestivalen. Førdefestivalen sin satellitt ute i folkemusikkverda heiter BlackStarJournal og består av ekteparet Heidi Hattestein og David Bowen. Dei reiser rundt i ein Volkswagen Caravelle som dei har bygd om sjølve, i lag med hunden Vita.
Førdefestivalen er ein av 24 festivalar som er nominerte til Festivals for Europes EFFE Awards for 2019-2020. Prisen vert delt ut annankvart år til festivalar med høg kunstnarleg kvalitet som er med å utvikle lokale og regionale kunst- og kultursamarbeid. Vinnarane skal presenterast under seremonien EFFE AWARDS i Brüssel 26. september 2019.
Førdefestivalen feirar 30-årsjubileum 3.-7. juli 2019. No presenterer festivalen dei norske artistane som skal stå på nokre av dei mange scenene på jubileumsfestivalen. Lista er ei blanding av publikumsfavorittar, som har spelt på festivalen før, og nye namn, som vi gler oss til å høyre i Førde, fortel Per Idar Almås. Torsdag 4. april slepper festivalen heile programmet for festivalen.
Temaet for jubileumsfestivalen er: 30 år utan grenser! Med slagordet ‘Verda kjem til Førde!’ har Førdefestivalen i 30 år vore ein musikalsk smeltedigel mellom fjord og fjell. I alle desse åra har publikum på festivalen fått oppleve musikk og kulturar dei på lag ikkje visst om (eller visste at dei likte). På årets festival blir det gjensyn med publikumsfavorittar - og sjølvsagt møte med nye.
Dansen i musikken - musikken i dansen! vert temaet for den neste Førdefestivalen, som går av stabelen 4.-8. juli 2018. -Vi vil hylle dansen og dansemusikken både gjennom å presentere den frå scena og invitere til den sosiale dansen for alle, seier direktør Hilde Bjørkum, og ikkje minst få fram sjølve nerven i samspelet mellom dansespelemannen og dansaren - som skaper dansemagi!
Førdefestivalen er kåra til ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017. Prisen vert delt ut av FolkOrg til ein arrangør som har evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken gjennom gode arrangement, og vart overrekt på bransjetreffet FOLKELARM i Oslo.
Når du velger å følge et nyhetsrom og opprette en brukerkonto vil dine personopplysninger bli benyttet av oss og av nyhetsrommets eier for å sende deg nyheter og oppdateringer i henhold til dine varslingsinnstillinger.
For mer informasjon, les vår Personvernerklæring for Brukere, som gjelder for vår bruk av dine personopplysninger, og vår Personvernerklæring for Contacts, som gjelder for nyhetsrommets eiers bruk av dine personopplysninger.
Vær oppmerksom på at våre Brukervilkår gjelder for all bruk av våre tjenester.
Du kan trekke tilbake ditt samtykke når som helst ved å melde deg ut eller slette din konto.
E-post sendt til __email__. Klikk på lenken i e-posten for å følge Førdefestivalen.