Informasjonen på disse sidene er beregnet for journalister, presse og media. Klikk JA for å komme til nyhetsrommet. Hvis du klikker NEI vil du komme tilbake til mynewsdesk.com
Bornas Verdsdag Førde er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Sunnfjord kommune, og arrangementet skulle gå av stabelen laurdag 14. november i Førdehuset. Alt var klappa og klart med gratis mini-verkstader og gratis konsert. Då regjeringa kom med innstramminga i koronareglane torsdag denne veka, tok festivalstaben ein grundig gjennomgang, og konkluderte med utsetjing. - Sjølv om vi kjenner oss
OktoberFolk er Førdefestivalen si gåve til konserthungrige fotfolk, ei vitaminpille i haustmørket. Det blir seks konsertar på tre spelestader: Arabiske tonar i Førde kyrkje, rotekte, norsk folkemusikk på Kafé Sobra og fire grensesprengande konsertar på Larris Scene.
Når Arild Andersen og Kirsten Bråten Berg spelar på Jazz på Jølst laurdag 10. oktober, hentar dei opp att musikk det har gått gjetord om i 30 år. SAGN var eit tingingsverk til Vossa Jazz i 1990. Konserten den vesle jazzfestivalen på Jølster, er eit samarbeid med Førdefestivalen.
22.-24. september inviterer Førdefestivalen og Barnas Turlag til gratiskonsertar på dagsturhyttene i Førde, Sogndal og på Sandane.
Laurdag 25. juli kl. 22.40 sender NRK 2 konserten med Morgonrode frå den idylliske låven på Fjordamattunet i Jølster. Opptaket vart gjort i juli i år.
For 10. gong arrangerer Førdefestivalen Bornas Verdsdagar Førde. Dei samarbeider med mange om arrangementet som går over 4 timar laurdag 23. november. -Rundt 2000 personar plar vere innom dørene, og delta på gratis verkstadar og aktivitetar. Dette er eitt av dei mest fleirkulturelle arrangementa i heile det nye Vestland fylke, seier fungerande festivaldirektør Sølvi Lien.
Førdefestivalen er tildelt EFFE AWARD 2019-2020 som ein av fem europeiske festivalar. Førdefestvalen er den første norske festivalen som vinn denne prisen, som vert delt ut annankvart år. Kåringa er gjort blant 800 festivalar i Europa, der 24 var med i finaleheatet. Festivalen mottok utmerkinga på ei tilstelling i BOZAR i Brüssel, i regi av EFFE - Europe for festivals - Festivals for Europe.
Førdefestivalen er ikkje berre fem dagar med musikalske opplevingar i juli, det er også konsertar og arrangement gjennom året, i samarbeid med lokale arrangørar. Haustprogrammet på festivalen si FolkJazzScene, spenner frå intimkonsert med feletrio frå Lom i september, via stemningsfull jazzvokal i oktober til Gåte-rock med full fyr i november.
Inntrykka frå den 30. Førdefestivalen er framleis ferske. -Fem dagar med musikalske høgdepunkt let seg ikkje fordøye på to dagar, seier direktør Per Idar Almås, som trass lang festivalerfaring, aldri har opplevd maken til overstrøymande tilbakemeldingar frå artistar og publikum som det han har fått på sin første festival i Førde.
Då Førdefestivalen fekk melding om at Sarah Savoy hadde skada handleddet og ikkje kunne komme til Førde, fekk dei like godt tak i ei ny Sarah - Sarah Jane Summers - som på kortast mogleg varsel kjem tek over for Sarah Savoy Trio.
Når Førdefestivalen neste veke for første gong inviterer heile byen til festivalbrunsj i den flotte parken på Festplassen, har dei sytt for at arrangementet ikkje vert stoppa av regn. Fire dagar før festivalen opnar, reiste det seg eit flott designtak i parken.
Førdefestivalen gjekk ut og spurde publikum kva artistar dei ønsker å høyre att. Svara som kom inn, gjev rom for ettertanke.
Når du velger å følge et nyhetsrom og opprette en brukerkonto vil dine personopplysninger bli benyttet av oss og av nyhetsrommets eier for å sende deg nyheter og oppdateringer i henhold til dine varslingsinnstillinger.
For mer informasjon, les vår Personvernerklæring for Brukere, som gjelder for vår bruk av dine personopplysninger, og vår Personvernerklæring for Contacts, som gjelder for nyhetsrommets eiers bruk av dine personopplysninger.
Vær oppmerksom på at våre Brukervilkår gjelder for all bruk av våre tjenester.
Du kan trekke tilbake ditt samtykke når som helst ved å melde deg ut eller slette din konto.
E-post sendt til __email__. Klikk på lenken i e-posten for å følge Førdefestivalen.