Nyhet -

Årets viktigaste konferanse

Førdekonferansen 2021 - MANGFALD I UTAKT - torsdag 8. juli på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Årets viktigaste konferanse

-Årets viktigaste konferanse, seier nestleiar i Kulturrådet, Maria Utsi om konferansen Mangfald i utakt, som ho skal leie i Førde, torsdag 8. juli. Konferansen tekutgangspunkt i eit uttalt mål om at mangfald skal vere ei synleg og sterk kraft i utvikling av kunst- og kulturlivet i Norge. Når det gjeld kunst og kultur skal alle ha sin naturlege plass, uansett kompetanse og ulik bakgrunn, etnisitet, kjønn og funksjonsevne. Etter mange år med debatt, er det framleis ikkje sjølvsagt at dette store mangfaldet er like stort i kulturlivet som blant folket elles.

- Mangfald er ein premiss for eit representativt og relevant kunst- og kulturliv i heile landet. For å komme vidare, må vi møtast og lytte til perspektiv og erfaringar som er nye for oss. - Vi må rett og slett gje plass til andre samtalar - og det er nettopp det årets førdekonferanse gjer, seier Utsi.

Camara Lundestad Joof deltek på Førdekonferansen, og snakkar om 'Å dele ubehaget'. 


Kulturarbeidaren i fokus

Denne gongen er det først og fremst kunstnarar som er inviterte til å dele sine meiningar om og erfaringar rundt med- og motkrefter i storsamfunnet. På lista over innleiarar finn vi scenekunstnar og dramatikar Camara Lundestad Joof; kunstnarleg leiar av Nordic Black Theatre i Oslo og vinnar av Kulturrådets ærespris i 2020, Cliff A. Moustache; sosialantropolog og kjønnsforskar Thomas Michael Walle; kulturskribenten Bjørn Hatterud; Even Torgan og Tine Skjold frå Antiteateret; Kaja Jorem, seniorrådgjevar i Kulturrådet sin seksjon for infrastruktur og mangfald, Marte Wilhelmsen Solheim, leiar ved Senter for innovasjonsforsking og redaktør Osama Shaheen i det arabisk/norske tidsskriftet DER.

Dette er folk som veit korleis kreativitet og kunstnarlege uttrykk vert påverka av å bli sett i bås og snevra inn til å skulle tolkast innafor rammene til identifiserande nemningar som «den homofile forfattaren» eller «den afrikansk-norske poeten».

Lenkje til program og påmelding: https://fordefestivalen.ticketco.events/no/nb/e/foerdekonferansen_2021_mangfald_i_utakt


Førdekonferansen er ein del av Førdefestivalen (7.-11.juli 2021), og årets er er den 15. i rekkja. Konferansen skjer i samarbeid med Vestland fylkeskommune, Sunnfjord kommune og Høgskulen på Vestlandet, og er støtta av Kulturrådet. 

Related links

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • mangfold
  • førdekonferansen
  • førdefestivalen
  • mangfald
  • kulturkonferanse

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27